Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helsing frå rektor 2019-2020

Velkomen  til skuleåret 2019-20.

Eg ønskjer dykk alle velkomen til Sotra vidaregåande skule torsdag 15. august. Eg håpar du har hatt ein fin sumar som har gitt deg motivasjon og energi til å kunne arbeide hardt gjennom skuleåret som ligg framføre deg.

Vi har fokus på eit godt klassemiljø slik at du skal få eit godt læringsutbytte i skulefaga. Skal ein oppnå resultat er det viktig at du deltar aktivt i opplæringa og møter førebudd til undervisninga.

Som elev vil vi at du skal engasjera deg i skulemiljøet og elevdemokratiet.

Sotra vidaregåande skule har eit læringsmiljø tufta på respekt, inkludering og medansvar slik at elevane får kunnskap og dugleik til å ta ansvar i yrke og samfunn og meistre utfordringane i livet.

Alle tilsette ved Sotra vidaregåande skule arbeider for at du skal trivast og lukkast med å nå dine mål.

Velkomen som elev ved Sotra vidaregåande skule og lukke tilmed skuleåret.


Torstein Telle

Rektor Torstein Telle
Rektor