Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biblioteket

Ved Sotra vidaregåande skule har vi eitt bibliotek på Bildøy (som ligg i 2. etg.) og eitt i Sund (som ligg i 3. etg.). Biblioteket skal vere ein god stad for læring, arbeid og avkopling.

På biblioteket kan du gjere lekser, drive gruppearbeid, lese bøker, tidsskrift og aviser. Her finn du fagstoff og kjelder til oppgåver og prosjektarbeid.
Bibliotekaren kan anbefale litteratur, hjelpe deg å finne fram, og kan rettleie deg i å søke i ulike databasar og på internett.

Hugs å ta med lånekort!  Bildet av lånekortet

filmbib lenkeknapp

Tlf. 57 30 51 87 Bildøy Tlf. 57 30 51 86 Sund

Biblioteket er eit sosialt rom der det er lov å prate, spele spel, surfe på nettet eller høyre på musikk– så lenge du respekterer andre, lar dei få arbeidsro og held orden!
Vi har også skjønnlitteratur, krim, spenning og DVD-ar som sjølvsagt kan lånast med heim.

Finn ut korleis du kan låne e-bøker og nedlastbare lydbøker frå biblioteket.
Følg rettleiinga frå Bergen offentlege bibliotek.

ebokbib logo

_MwF0868.jpg

Lånereglar

Alt du låner med deg ut av biblioteket må registrerast! Lånetida er 4 veker for bøker og 7 dagar for filmar.

Oppslagsverk og handbøker er berre til bruk på biblioteket.

Reservering Utlånte bøker kan reserverast. Du får beskjed når utlånt materiale blir tilgjengeleg for deg.

Du kan fornye lån dersom ingen andre står på venteliste.

Lånekontrakt for elevar i vgs

Kjeldebruk og kjeldekritikk

Når du skriver ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelde for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar uten å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kildebruk og kildekritikk.

Kildebruk og kildekritikk

 

Noko du lurer på?

Ta kontakt med:

Profilbilde av Helene Eriksen

Helene Eriksen

Send e-post 56337528