Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli lærling

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søke læreplass.

Korleis søke læreplass?

1) Finn godkjent lærebedrift

Kanskje du veit om ei bedrift der du ønskjer å søke læreplass? Gå inn og spør om dei tek i mot lærlingar.

vilbli.no kan du lese meir om det å bli lærling og finne lærebedrifter. Det lokale opplæringskontoret  kan også gi deg ein oversikt over godkjende lærebedrifter i Hordaland.

2) Søk læreplass

Du kan oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Uansett bør du søke gjennom vigo.no for å sikre at søknaden blir registrert hos fylkeskommunen. Då har du større tryggleik og kan få hjelp om du har behov for det, både med søknad og i læretida.

3) Skriv lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedriften har ansvaret for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve. Målet med læretida er å ta fag- eller sveinebrev.

Ingen læreplass?

Du har diverre ingen garanti for å få læreplass i ei bedrift.

Å være lærling betyr at ei lærebedrift ønskjer å tilsette deg i tida du lærer yrket ditt. Det varierer frå år til år og i kva fag det kan være vanskeleg å få ein læreplass.

Får du ikkje læreplass vil opplæring i skule vera eit alternativ, anten innan eige fagområde eller via påbygg til generell studiekompetanse.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Bruk lenkene under for å lese meir om dette.