Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helsing frå rektor

NyTelle-Torstein.jpg

Velkomen til skuleåret 2021-2022! Rektor Torstein Telle helsar elevar og føresette.

Velkomen til nytt skuleår og gratulera med skuleplass hjå oss.

For vg 1 elevane kan det nok opplevast litt utrygt å komme til ein ny skulekvardag. Vi ser det som særs viktig at du som elev blir tatt godt imot og trivest hjå oss.

Alle elevar ved Sotra vidaregåande skule skal oppleva ein trygg skulekvardag med gode elev - elev relasjonar og elev - tilsette relasjonar.

Dei tilsette på Sotra vgs har fokus på trivsel og tryggleik. Dette er nedfelt i opplæringslova § 9A-2.

Vi har nulltoleranse mot mobbing. Våre grunnverdiar er Respekt – Inkludering – Medansvar

Sotra vgs er ein skule for alle. Alle elevar har rett til ei tilpassa opplæring om du har mål om grunnkompetanse , yrkeskompetanse eller studiekompetanse.

Som skule har vi ei høg målsetjing om fullført og bestått same kva sluttkompetanse du går for.

Dette inneber forventningar til deg som elev. Viktig at du møter opp og deltar aktiv i opplæringssituasjonane. Dette er ei av dine plikter som elev.

Vi som skule har dyktige lærarar med høg kompetanse, som er med å gjer deg god opplæring der du vil oppleve meistring.

Eg har tatt med to punkt frå overordna del av læreplanverket som gjeld Opplæringas verdigrunnlag som eg ser som særs viktig at vi som skule skal stimulera til.

Skulen skal bidra til at elevane blir nysgjerrige og stiller spørsmål, utviklar vitskapeleg og kritisk tenking og handlar med etisk bevisstheit.

Skulen skal la elevane utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrang, og la dei få erfaring med å sjå moglegheiter og omsetja idear til handling.

Din stemme i læringsprosessen er viktig. Vær med å skap det miljøet du ønskjer for skulen. Slik at du, dine medelevar og tilsette trivest.

Ditt bidrag som elev er viktig. Som elev vil vi at du skal engasjera deg i skulemiljøet og elevdemokratiet.

Vi startar opp med nytt skuleadministrativt system, Visma InSchool (VIS), denne hausten. Dette inneber nokre nye rutinar for deg som elev. Du får opplæring av kontaktlærar ved skulestart.

Litt om korona. Slik situasjonen er i dag så vil nok skuledagen verta prega av korona utover hausten. Skulen vil heile tida vera oppdatert og vi vil tilpassa oss nasjonale og lokale retningsliner. Vi må sikra ein god skulekvardag for våre elevar så godt som mogleg.

Regelverket seier at den som ikkje møter fram første skuledag og ikkje har varsla skulen om dette, kan miste elevplassen.

Velkomen til oss og lykke til med skuleåret.

Torstein Telle