Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vegen til læreplass

På Slåtthaug videregående skole jobbar vi målretta for at alle som ønsker det skal få læreplass. Derfor er dette i fokus frå første dagen på Vg1.

Praksis i bedrift

Alle elevane skal bli kjente med reglane i arbeidslivet og bransjen dei ønsker læreplass i – gjennom faga på skolen og gjennom arbeidspraksis i bedrift, i faget yrkesfagleg fordjuping (YFF).
Vi veit at 60-70 % av elevane får læreplass gjennom YFF.

Vg1

I utdanningsprogramma Helse- og oppvekstfag og Bygg- og anleggsteknikk er alle elevane i praksis i ei bedrift allereie på Vg1. På Elektrofag og Teknikk og industriell produksjon er det også mange av elevane som er i praksis. Skolen jobbar for å finne fleire samarbeidsbedrifter slik at alle på Vg1 skal få tilbod om dette.

Vg2

På Vg2 er alle elevane våre i arbeidspraksis i ei bedrift.

Kvifor er arbeidspraksisen viktig?

Hensikta med arbeidspraksisen er blant anna å

  • bli kjent med arbeidsoppgåvene, innhaldet og metodane i yrket
  • oppnå kompetanse gjennom praktisk arbeid
  • gi elevane realistisk kjennskap til ulike moglegheiter og retningar innanfor programområdet, før dei vel utdanningsløpet sitt vidare.

Samarbeidsbedrifter

Vi har ei rekke samarbeidsavtalar med næringslivet:

20180904YrkesfagdagenTIP4(1500x1102).jpg
Frå Yrkesfagdagen hausten 2018

Yrkesfagdagen

Kvar haust arrangerer skolen Yrkesfagdagen, der elevane får informasjon om og blir betre kjent med dei ulike faga dei kan velje. Da inviterer vi bedrifter inn på skolen for å fortelje om sine fag og moglegheitene dei tilbyr.

Læreplasskonferansen31.01.18(6).JPG
Fagopplæringssjefen i samtale med lærlingar under læreplasskonferansen 2018

Ditt valg – di framtid!

I januar har vi læreplasskonferansen Ditt valg – di framtid! Temaet er å vere ein aktiv søkar til læreplass. Her får elevane informasjon og tips om kva som skal til for å få den læreplassen dei ønsker seg.

Også denne dagen kjem lærebedrifter og opplæringskontor til skolen for å gi råd og rettleiing til elevane.

Skolen er opptatt av å ha eit godt samarbeid med det lokalt arbeids- og næringslivet og har god kontakt med bransjane vi utdannar elevane våre til.

9 RÅD FOR Å FÅ LÆREPLASS

  1. Vær tidleg ute! Start jakta på læreplassen allereie i januar eller februar.
  2. Bruk utplassering i yrkesfagleg fordjuping (YFF) til å finne potensielle lærebedrifter og for å skaffe deg referansar.
  3. Ta ansvar og vis interesse!
  4. Det er ein fordel om du kontaktar bedriftene direkte.
  5. Bank på mange dører, og ikkje vær redd for å få et nei.
  6. Det er viktig at du får vist deg frå di beste side. Jobb godt med CV, søknad og førebu deg til intervju.
  7. Kjenn deg sjølv og dine positive eigenskapar. Då vert det lettare å overtyde ein arbeidsgjevar om å velje nettopp deg.
  8. Mange bedrifter lyser ut ledige læreplassar på heimesida si, eller på finn.no og nav.no. Sjekk nettsidene kvar veke fram til du har sikra deg læreplass.
  9. Oversikt over godkjente lærebedrifter finn du på www.vilbli.no, her finn du også kontaktinformasjon til opplæringskontor som kan hjelpe deg.

Dersom du ikkje finn deg læreplass på eiga hand bør du be om hjelp. Spør læraren din eller rådgjevar her på skulen.