Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vekslingsmodellen - Tømrarfaget

Opplæring i tømrerfaget etter vekslingsmodellen er ei yrkesfagleg utdanning der du teiknar lærekontrakt allereie etter eit halvt år. Resten av opplæringstida (3,5 år) vekslar du mellom opplæring i bedrift og på skolen, med hovudvekt på opplæring i bedrift.

Du bør velje vekslingsmodellen på Slåtthaug vgs fordi

  • du ønskjer å delta i bygginga av bustader og næringsbygg i Hordaland
  • du allereie har bestemt deg for å bli tømrar og ønskjer å begynne tidleg i lære
  • det er stor etterspurnad etter lærlingar og fagarbeidarar i tømrarfaget
  • vi samarbeider tett med Byggmestrenes Servicekontor A/S

Vi tilbyr

  • heilt nye og godt utstyrte lokale
  • spissa opplæring, alle programfagtimane er dedikert tømrarfaget
  • garantert læreplass til alle elevar som kvalifiserer seg etter 6 månader
  • lønn under opplæring frå ca. 1. februar det første året

Viktig informasjon - april 2020

I mars sende vi ut brev med invitasjon til informasjonsmøte om vekslingsmodellen. På grunn av situasjonen vi er i for tida, kan vi ikkje arrangere desse møta. Vi har derfor valt å lage eit videoklipp med den presentasjonen vi skulle halde. Du finn presentasjonen bak den venstre knappen nedanfor.

Fag- og emnefordeling

Her ser du korleis dei ulike fellesfaga og emna frå tømrarfaget er fordelte i utdanningsløpet:

Oversikt vekslingsmodellen

Første året

Veksling Vg1.JPG

Frå skolestart og fram til ca. 1. februar foregår opplæringa i hovudsak på skolen. Men du skal likevel bli utplassert i bedrift i to periodar på to veker kvar. Det er her du skal knytte kontaktar - og vise deg fram - for å få læreplass.

Desse 6 månadane vil du få grundig HMS-opplæring og material- og verktøyopplæring, og du får vere med på nokre mindre byggeoppdrag. All opplæringa vil vere både praktisk og teoretisk. I tillegg blir det opplæring i fellesfag.

Ca. 1. februar skriv du kontakt og begynner i lære. Resten av det første året vil opplæringa i hovudsak gå føre seg i bedrift. Du vil få oppfølging frå skolen og opplæringskontoret ditt.

Andre og tredje året

Tetting og tekking rundt takvindauge.jpg
Tetting og tekking rundt takvindauge

I desse to åra går også opplæringa føre seg i hovudsak i bedrift, med oppfølging frå skolen og opplæringskontoret. Du skal berre på skolen i ein 6-vekesperiode kvart halvår. Det blir då gitt noko opplæring i tømrarfaget, yrkesteori og noko praksis. Men det vil gå med mykje tid til fellesfag.

All teoriopplæring, både yrkesteori og fellesfag, er ferdig etter tredje året.

Glimt frå arbeidsdagen - kurs i takarbeid.

Fjerde året

Så å seie all opplæringa foregår i bedrift. Opplæringa blir avslutta med sveineprøven.

Vegen vidare

Etter sveinebrevet er du kvalifisert til å søke Påbygging til generell studiekompetanse (4PÅ), teknisk fagskole eller høgskole gjennom Y-vegen.

Påbygging til generell studiekompetanse

 

.

KONTAKT OSS

Assisterande rektor og avdelingsleiar BA
Profilbilde av Stig Haldorsen

Stig Haldorsen

Send e-post 55140413
Kontaktlærar 1BAV
Profilbilde av Frode Skjerven

Frode Skjerven

Send e-post 55140468