NAV i skolen

Eg heiter Tirill Tønder og er NAV-rettleiar på Slåtthaug vgs.
NAV og skolen samarbeider for at du skal fullføre skolegangen din.
NAV-rettleiaren kan hjelpe deg med råd og rettleiing i samband med utfordringar og problem utanfor skolen, som for eksempel heimeforhold, bustad, økonomi eller å koordinere hjelpeapparatet ditt.
Eg har teieplikt, men om du ønsker det, snakkar eg med andre som også er viktige for deg.
Eg er på skolen måndag til torsdag og har kontor saman med resten av Elevtenesta på C-bygget. Fredag er eg på NAV-kontoret.
Ta direkte kontakt med meg, eller via andre på skolen.