Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Hugsar du smittevernreglane?

Det kan vere vanskeleg å følge med for nokon kvar av oss, så her kjem vi med ei lita påminning

Etter medieoppslaga om festing og samlingar sist helg, vil vi gjerne kome med ei påminning om smittevernreglane til deg som er elev.

Her er reglane for reiser og arrangement:

  • Unødige reiser er frårådd
  • Arrangement som samlar folk frå ulike kommunar er frårådd
  • Følg smittevernreglar som handvask og avstand til ei kvar tid

Forbod/påbod:

  • Det er forbode med fleire enn 20 personar på privat, utandørs samling
  • I private heimar er det ikkje tillate å arrangere eller delta på samlingar med fleire enn to personar utanom dei som bur der
  • Munnbind er påbode i Bergen kommune i alle situasjonar der ein ikkje kan halde ein meters avstand til personar utanfor eigen husstand

Vi vil på det sterkaste rå deg frå å reise til andre kommunar eller å delta på festar som samlar fleire enn det som er tillate.

Vi må alle ta ansvar for vår eiga framferd, også utanfor skulen, for at det skal vere trygt å vere på skulen for elevar og tilsette.

Dersom du likevel vel å reise eller delta på festar og liknande, ber vi om at du testar deg så fort som mogeleg.