Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Frå elevtenesta: Hei, alle elevar!

Vi er alle i ein situasjon som er ny og utfordrande, men elevtenesta ønsker å vere tilgjengeleg for dykk

Vi er tilgjengelege mellom klokka 08.00 og 15.30, måndag-fredag. På nokre tidspunkt er vi i møte/planlegg, men har du tatt kontakt, ringer vi deg opp igjen eller svarer deg på e-post, så fort vi kan.

Nytt 25. mars:

Digitalt friminutt

Kvar dag fram til påske i storefri, klokka 11.15 – 11.45, kan du delta på digitalt friminutt på Google Meet: https://meet.google.com/qpc-zphp-amu

Her kan du treffe miljøterapeutane i elevtenesta. Pop gjerne innom for å seie hei viss du har lyst til å se eit kjent ansikt.

 

Rådgivarane

Har du spørsmål om utdanninga di eller om særskilt oppfølging? Kontakt rådgivar:

BA, TIP – Leif Arne Bosdal. E-post: Leif.Arne.Bosdal@vlfk.no 
EL, HO – Elisabeth Mjelde. E-post: Elisabeth.Mjelde@vlfk.no
Påbygg – Lena Sanden. E-post: Lena.Sanden@vlfk.no

Send ein e-post, så vil rådgivaren svare og avtale ei tid for samtale. Du kan også få kontakt med rådgivaren på its learning.

Har du behov for å prate med ein av miljøterapeutane våre?

Miljøterapeutane våre er eit lågterskeltilbod som er der for deg. Kanskje du treng nokon å prate litt med om det blir einsamt, kanskje du treng å snakke om noko du opplever som vanskeleg. Miljøterapeutane veit mykje om kvar du kan få hjelp til ulike utfordringar. Kanskje du berre treng ein prat eller å høyre ei hyggeleg stemme. Vi er der for dykk. Å sitte mykje heime med lite kontakt med omverda, er ikkje berre enkelt. Ta kontakt viss du treng oss!

Kristin Nydal Pedersen. Tlf.: 409 16 324. E-post: Kristin.Nydal.Pedersen@vlfk.no
Jan Fredrik Oddekalv. Tlf.: 952 48 914. E-post: Jan.Fredrik.Oddekalv@vlfk.no
Maria Eikeland. Tlf.: 409 16 233. E-post: Maria.Eikeland@vlfk.no

De kan også kontakte oss på its learning.

Følg skolen på Instagramkontoen hashtagSLV. Vi vil også legge ut innlegg på Facebook: Slåtthaug Videregående skole. På desse plattformene vil det komme kahoots, quizar, litt underhaldning, moglegheit for chat og andre overraskingar undervegs. Følg med.

Skolehelsetenesta

Helsesjukepleiaren vår Trude og skolepsykolog Haldis kan også nåast på telefon.

Trude kan du kontakte tysdag til torsdag kl. 08.30-14.00.
Tlf.: 945 22 103. E-post: Trude.Ytrearne@bergen.kommune.no
Haldis kan du kontakte tysdag kl. 09.00-15.00.
Tlf.: 409 14 276. E-post: Haldis.Alsaker@bergen.kommune.no

NAV i skole

Tirill Tønder kan du kontakte måndag til torsdag kl. 09.00-15.00.
Tlf.: 409 09 318. E-post: Tirill.Tonder@nav.no