Vg3/Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse
Enten du vel å ta påbyggingsåret rett etter Vg2 eller etter å ha avlagt fag-/sveineprøve, så får du eit krevande, men givande år.
Når du har fullført året, har du vore gjennom dei same fellesfaga som elevane på Studiespesialisering og er dermed kvalifisert for opptak til høgare utdanning.
Tar du påbyggingsåret etter å ha avlagt fag-/sveineprøve (Vg4), treng du ikkje å ha kroppsøving eller valfag. Derfor er veketimetalet på Vg4 23, mot 30 på Vg3.