Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Du bør velje EL på Slåtthaug fordi

›du lærer om installasjon og elektrisitetsforsyning,
›du lærer om automatisering og data- og elektronikkbransjen.
›du blir nøyaktig og systematisk.
›du evner å vere logisk og vere praktisk anlagd.
›du får eit godt miljø og engasjerte lærarar
›du lærer å jobbe i grupper og åleine.

Søk skoleplass

Vi tilbyr

  • eigen verkstad der programfaga, både praktisk og teoretisk, blir halde
  • praktiske installasjonsoppgåver og relevant elektro-teori.  
  • korleis matematikk blir viktig for forståinga av samanhengane mellom dei elektriske størrelsane.
  • grunnleggande bruk av verktøy og instrument
  • korleis du skal lære å tolke teikningar i arbeidet ditt.
  • arbeidspraksis i bedrift både haust og vår.
Meir om faget på vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 ELE Timetal Vg2 AUT Timetal Vg3 AUT
Automatiseringssystem 5 5 12 23
Data- og elektronikksystem 7 5 0 0
Elenergisystem 5 7 5 5
Mekanisk arbeid 0 0 0 5
Yrkesfagleg fordjuping 6 9 9 0
Engelsk 3 2 2 0
Kroppsøving 2 2 2 2
Matematikk 3 0 0 0
Naturfag 2 0 0 0
Norsk 2 2 2 0
Samfunnsfag 0 3 3 0
Sum timetal per uke 35 35 35 35

Første året

Elektro 1.JPG

Vg1 Elektrofag

Elektro er utdanninga for deg som vil jobbe med elektriske installasjonar, automatisering eller data- og elektronikk. Det bli krevd av deg at du er nøyaktig og systematisk. Du bør også ha evne til logisk tenking og vere praktisk anlagt.

På SLV har kvar klasse sin eigen verkstad der programfaga, både praktisk og teoretisk, går føre seg.

Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske installasjonsoppgåver og relevant elektro teori.

Matematikk er eit viktig verktøy for forståinga av samanhengane mellom dei elektriske størrelsane. Du lærer grunnleggande bruk av verktøy og instrument og å tolke teikningar.

Andre året

Elektro 2.JPG

Vg2 Elenergi

Vg2 Elenergi opnar vegen til åtte ulike fagbrev, alt frå elektrikar til heismontør. Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske installasjonsoppgåver og relevant elektro teori. Hos oss vil du bli utplassert 4 veker i bedrift, 2 veker haust og 2 veker vår. Det gir deg ein fin moglegheit til å prøve ut fagområdet, og ein glimrande moglegheit til å vise deg fram. Vi har erfart at engasjerte elevar kan få eit tilbod om læreplass i løpet av utplasseringstida.

Vg2 Automatisering

Du kan søke Vg2 Automatisering etter Vg1 Elektrofag, eller etter Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP). Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske koplingsoppgåver og relevant teori. På Vg2 monterer vi styre- og reguleringstekniske anlegg, og skaffar oss utfyllande kunnskap om desse.

Her vil du også bli utplassert 4 veker i bedrift, 2 veker haust og 2 veker vår. Med eksamen frå Vg2 Automatisering kan du søke vidare til Vg3 automatikerlina. Etter Vg3 er det 1,5 år i lære før du går opp til automatikarfagprøve, eller du  kan søke læreplass innan. ROV (fjernstyrte undervannsbåter) faget, tavlemontør eller viklarfaga.

Du vel mellom ulike fagbrev innanfor prosessindustri, mekanisk industri og i bedrifter som bygger, reparerer og vedlikeheld automatiske prosessystem og maskinar. Arbeidsstadene er både landbasert og offshore.

Tredje året

VG2 Auto 2.jpg

Vg3 Automatisering

Automasjonsbransjen ønskjer eit treårig løp frå vidaregåande skole, og årsaka er at bransjen vil ha meir dybde og breidde i teori og praksis før du begynner i bedrift. Skoleåret Vg3 vil blir godskrive som 12 månader læretid, og eksamen er den teoretisk delen av fagprøva. Lærlingskole er dermed ikkje nødvendig. Gjenståande læretid etter Vg3 er på 18 månader før du avlegg den praktiske delen av fagprøva.

Statoil: «Passer for deg som er tålmodig, nøyaktig og ryddig i arbeidet. Takler uforutsette hendelser og løser problemer. Arbeidet krever også stor grad av oppfinnsomhet»

Hos oss gjennomfører du året med mellom anna moderne PC-basert Siemens PLS-er kopla opp mot ulike styrings – og reguleringsmodellar. Du får ei rekke arbeidsoppgåver som skal bli utført, korleis og kva du treng for å kunne løyse oppgåva må du finne ut av sjølv eller saman med andre. Dette betyr at du nokre gonger må du «shoppe» undervisning, og at det andre gonger er fellesundervisning.

Vegen vidare

Etter Vg2  Elenergi eller Vg2 Automasjon kan du bli lærling (2 år). Utdanningsprogrammet fører til eit mangfald av yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Sjå meir informasjon om kva du kan bli på vilbli.no.

Du kan eventuelt søke deg inn på Påbygging til generell studiekompetanse.

Etter fag-/svennebrev er du kvalifisert til å søke Påbygging til generell studiekompetanse, teknisk fagskole eller høgskole gjennom Y-vegen.

Bli lærling Påbygging til generell studiekompetanse

tilSeTTE PÅ ELEKTROAVDELINGA

Kontaktlærar 1ELA
Profilbilde av Sveinung Dalland

Sveinung Dalland

Send e-post
Kontaktlærar 1ELB
Profilbilde av Vidar Søvde

Vidar Søvde

Send e-post
Faglærar
Profilbilde av Rudi Næss

Rudi Næss

Send e-post
Faglærar
Profilbilde av Oddvin Årdalsbakke

Oddvin Årdalsbakke

Send e-post 55140456