Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Nyttig informasjon

Her finn du informasjon om mange ulike ting som kan vere relevante for deg som elev.

Elev-PC for skoleåret 2021/2022

Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen PC. Du kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin.

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skole, både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvaret for å skaffe deg berbar datamaskin til skolestart. 

Du får tilgang til alt du treng av programvare på skolen (mellom anna Office 365).

Elev-PC

Pålogging og utskrift med meir

  • Har du problem med å komme på nett eller å logge på ulike tenester, sjekk ut brosjyren "Datahjelpa - Startguide for bruk av IT på skule".
Datahjelpa - Startguide
  • Skal du skrive ut? Gå inn på utskriftsportalen (knappen under) og last opp dokumentet ditt.
  • Hent utskrifta på den næraste kopimaskinen med kort eller kode. Les meir om innlogging m.m.
Utskriftsportal

Biblioteket

Bokhylleweb.jpg

 

Biblioteket er bemanna av elevtenesta og utgjer ein viktig del av Læringssenteret i C – bygget.

Skolebiblioteket kan tilby fag- og skjønnlitteratur, teikneseriar, aviser og tidsskrift, leksikon og oppslagsverk, DVD-ar og lydbøker.

På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøkene du treng, hjelp til søking på internett og tips om fleire gode nettstader å leite på. Er du på leit etter ei spesiell bok og lurer på om vi har den – gå til websøket.
Du kan også:

NB! Viss du manglar pin-kode, kontakt bibliotekansvarleg.

Når biblioteket er bemanna, kan variere litt. Klikk på ramma nedanfor for å få heile oversikten:

Har du spørsmål eller treng hjelp utanom desse tidene, kan du ta kontakt med bibliotekansvarleg Renate Vikingstad.

Telefonnummeret til biblioteket er: 55 14 04 32.

Elektronisk låneavtale

Alle som skal låne lærebøker og anna materiale på skolane i Vestland, må signere ein låneavtale. Her kan du lese sjølve avtaleteksten.

Avtalen signerer du digitalt (følg lenka nedanfor). Er du under 18, må også dine føresette signere.

Låneavtale for elevar i vgs
Foreldremøte.jpg

Foreldremøta hausten 2021

Foreldremøtet på Vg1 blir tysdag i veke 35, og tysdag i veke 36 på Vg2. Meir informasjon kjem på e-post.

Info_chatbot.png

IKT-hjelp

Får du ikkje logga på nettverket? Vil ikkje prosjektøren samarbeide? Finn du ikkje programvara du skal bruke? Eller...?

Det er mykje som kan stokke seg i IKT-kvardagen, men heldigvis kan du finne ut av ein god del sjølv, med hjelp av den virtuelle assistenten (chatboten) på skoleportalen.no.

Det er berre å spørje, dess meir chatboten blir brukt, dess betre vil svara bli!

lånekassen3.jpg

Lånekassen

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Du må sjølv søke om stipend, og du kan søke først etter at du har fått skoleplass og har takka ja til plassen. Når du søker om stipend, vurderer Lånekassen også om det er andre typar stipend du kan få.

Informasjon frå Lånekassen
Abygg.jpg

Om skolen

Nedanfor kan du lese meir om skolen vår, om kven som får hjula til å gå rundt kvar dag, om kven som sit i leiinga, og du kan sjå kart og vegbeskriving.

Meir om Slåtthaug vgs
Fylkesvåpen2.jpg

Reglement

Her er to reglement som det er viktig at du som elev er kjent med:

Felles ordens- og åtferdsreglement for Vestland fk

 

IKT-reglement for elevar i Vestland fylkeskommune

 

Skolerute.png

Skoleruta

Her finn du skoleruta for i år.
Er det noko du lurer på, ta kontakt med oss.

Skolerute 2021-2022
Skoleskyss2.png

Skoleskyss

Elevane på Slåtthaug vgs bruker som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett til skoleskyssen, dei aller fleste har ikkje rett til gratis skolereisekort. Les meir om reglane for gratis skoleskyss nedanfor.

Informasjon om skoleskyss
Kettle_bells.jpg

Treng du tilrettelagt undervisning i kroppsøving?

På nettsida til fylkeskommunen finn du eit skjema som du kan laste ned og ta med til legen din. Legen kan finne alternative øvingar til deg, slik at du kan delta i undervisninga sjølv om du til dømes har ein skade, og slik at du ikkje misser karaktergrunnlaget i dette faget.

Meir informasjon og skjema

Nyttige lenker

Hjelpefil TextPilot (høgre-klikk på lenka, vel Lagre mål som)

Pålogging its learning

Skoleportalen

Slåtthaug vgs på Facebook

Utdanning.no - nasjonal nettportal for info om utdanning og yrke

vilbli.no - oversikt over alle utdanningsprogramma i vidaregåande skole

Visma InSchool

Søknadsskjema med meir

Skjema for å søke om mellom anna særskilt tilrettelegging på eksamen og fritak for vurdering med karakter i sidemål, finn du i VIS.