Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvifor velje oss?

Kvifor skal du velje akkurat oss i eit mangfald av skolar med spennande fagtilbod og godt miljø? Vi håper denne sida kan gi deg svar på det spørsmålet!
God sommer.jpg

AUKA TRIVSEL – AUKA LÆRING

            … en vidaregåande skole å bli glad i …

Vi har moderne verkstadar og ein fantastisk plassering, som gjev store mogeligheiter for alle typar aktivitetar og læring.

Kort veg til bybane og busstopp.  

Fagleg oppdaterte lærarar som vil sjå deg lukkast.

Slåtthaug videregående skole – ein godt stad for ein god start.

Presentasjonsfilm

Kva for utdanningsprogram og programområde tilbyr vi på Slåtthaug vgs? Korleis er det å vere elev her? Klikk i bildet til venstre og sjå sjølv.

Økt trivsel  liten.jpg

VALET ER DITT – OPEN SKOLE 23. JANUAR

Val av skole er eit viktig val i livet – kva opplæringsløp i vidaregåande skole skal du velje? 

Kanskje har du allereie bestemt deg? Eller kanskje ønsker du å vite meir om moglegheitene og kvardagen i vidaregåande skole?

Kom innom skolen vår på Open dag, 23. januar 2019.

VELKOMMEN!

Kantine liten.jpg

KANTINA VÅR OG GRATIS FRUKOST

Kantina blir driven av Midttun verkstad, og den finn du på C-bygget. Ho er bemanna kvar dag frå kl. 08.00 - 14.00.

Tysdag, onsdag og torsdag tilbyr vi gratis skolefrukost i kantina, frå klokka 07.20 til 07.50.

Miljogruppen2017 4.jpg

VÅR EIGA UNIKE ELEVTENESTE

 ... for trivsel og engasjement …

Slåtthaug videregående skole har ei eiga avdeling som har som hovudoppgåve å støtte og hjelpe elevane i skolekvardagen.

Tre av dei tilsette i denne avdelinga jobbar som miljøterapeutar, og dei har ekstra fokus på å fremje helse, trivsel og læring for elevane.

Miljøterapeutane er synlege i friminutt, dei legg til rette for sosiale tiltak og er lett å komme i kontakt med når elevane treng nokon å snakke med i kvardagen.

Musikkgruppen, liten.jpg

DYRK DEI KREATIVE EVNENE DINE!

Vi ønskjer å legge til rette for utvikling av dei kreative sidene dine. Skolen kan derfor tilby ulike former fysisk aktivitet, til dømes bordtennis, styrke/ og uthaldenheitstrening i skolen sitt nye treningsrom, skøytebane på vinteren og fotballbanar heile året.

I tillegg har vi eit eige øvingsrom med instrument for musikkinteresserte. Kanskje vil du vere med å laga eit band eller noko anna?

Kvamskogen.jpg

ELEVRÅDSTURAR TIL KVAMSKOGEN

Kvar haust har det nye elevrådet tradisjon for å samlast på Kvamskogen til ei uformell og sosial samling saman med representantar frå skolen si elevteneste. Her har dei fokus på å bli kjent og danne grunnlaget for eit godt samarbeid gjennom skoleåret. Det er elevrådet som avgjer om turen blir gjennomført

Slåtthaug har stort fokus på elevdemokrati, noko som blir reflektert gjennom denne turen.

VIP-elever.jpg

Sjå kvarandre - gjer ein forskjell

Psykisk helse for Vg1-elevar: Slåtthaug videregående skole har bestemt at skolen skal ha fokus på elevane si psykiske helse, og vi er derfor med i skoleprogrammet VIP.

Dersom du ønsker å vite meir om temaet, er helsesøster på skolen tilgjengeleg på telefon 55 14 04 31.

Meir informasjon om skoleprogrammet VIP.

Internasjonalt engasjement.jpg

INTERNASJONALT ENGASJEMENT

Kvart år arrangerer vi ein større kampanje med innsamling til eit veldedig formål. Heile skolen er i aksjon for å gjere ein innsats for medmenneskene våre i andre delar av verda.

Ipad 2, liten.jpg

LEKSEHJELP

Leksehjelp blir arrangert to gonger i veka, onsdag kl.14.30-16.00 og torsdag kl.14.30-16.00.

Onsdag kan du få hjelp med matematikkutfordringar. 
Torsdag kan dei som treng ekstra oppfølging i norsk få hjelp

Nokre onsdagar vil elevtenesta vere med å ha fokus på sosiale aktivitetar.

Elevseminar.jpg

 STEMMA DI TEL -VER MED!

Her hos oss kan du vere med å planlegge og bestemme over din eigen skolekvardag. Dette gjer vi fordi skolen er oppriktig interessert i elevane si velferd.

Skolen ønskjer å fremma elevsamarbeid ved å legge til rette for eit aktivt elevråd og ved å arrangere elevseminar på Hotell Scandic, kor vi til dømes diskuterer:

«Kva er ein god skole?»  

«Korleis skal vi forhindre fråfall?»

Ipad 1, liten.jpg

IPAD SOM LÆRINGSVERKTØY

Alle elevane på Vg1 og Vg2 på Helse- og Oppvekstavdelinga får låne eigen iPad.

Gjennom ulike apper blir iPad eit viktig hjelpemiddel i undervisninga.

iPaden vil fungere som smartbok, kor alle programfagbøkene blir tilgjengelege, med interaktive oppgåver, video, lydbok og andre visuelle hjelpemiddel.

menn-pa-tur-fundacion-betanien.jpg

PRAKSIS I UTLANDET

Skolen samarbeidar med ulike institusjonar innan helse- og oppvekstsektoren i Alicanteområdet. Vi har også eit samarbeid med Gera i Tyskland, innanfor elektro-, tekniske- og industrielle fag.

Elevane kan søke skolen om å få reise, og får 3-4 veker praksis i desse landa.

Dette gjer vi gjennom midlar frå Erasmus+, og elevane våre får mogeligheit til å oppleve andre språk og kulturer.