Helsesjukepleiarar
Hei!
Vi heiter Trude Vie Ytrearne og Kristine Bernard og er helsesjukepleiarar her på Slåtthaug vgs.
Oppgåva vår er å vere til stades for DEG.
Kanskje du treng råd, treng å bli lytta til, ønsker rettleiing, treng å ta ein klamydiatest, har opplevd noko vondt eller fått ei flis i fingeren? Kanskje du treng eller ønsker kontakt med andre instansar? Inga sak er for liten. Løysingane ligg der - vi finn dei saman.
Du kan sjølv komme på døra til oss - eller sende oss ein SMS eller e-post dersom det er lettare for deg.
Vi har teieplikt, og du får dokumentert fråvær når du har vore hos ein av oss.
Du finn oss i C-bygget i andre etasjen, med inngang frå kantina.
Trude er til stades tysdagar, onsdagar og torsdagar frå klokka 09.00 til 14.30.
Kristine er her kvar tysdag frå klokka 09.00 til 14.30.
Du når oss på telefon 945 22 103 / 55 14 04 28 eller på e-post Trude.Ytrearne@bergen.kommune.no.
Velkommen! Ta kontakt, så slår vi av ein prat:)