Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenesta

Elevtenesta på Slåtthaug skal støtte og hjelpe deg slik at du får ei god tid som elev her på skolen

Hei, alle elevar på Slåtthaug vgs!

Elevtenestajanuar2019.JPG

 

På Slåtthaug har vi ei eiga avdeling som heiter Elevtenesta. Å støtte og hjelpe deg slik at du skal ha ei god tid som elev her på skolen, er i fokus for alle oss som jobbar i denne avdelinga.

Kapittel 9A i Opplæringslova seier at alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevtenesta har eit særleg oppdrag for å jobbe for at elevane skal få denne retten oppfylt.

Treng du nokon å snakke med? Treng du studierettleiing? Treng du hjelp til å søke om stipend? Har du behov for tilrettelagd eksamen, eller vil du søke om spesialundervisning? Dette er nokre av tinga vi kan hjelpe til med. Avdelinga betener også biblioteket og skolefrukosten.

I arbeidet med å førebygge og følge opp rusproblematikk, deltek vi i den såkalla Kjentmann-ordninga. Kjentmann kan du lese meir om her

Av og til kan det vere slik at du treng hjelp frå andre instansar som pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Oppfølgingstenesta (OT), barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), NAV, barnevern eller politi. Vi kan hjelpe deg med å få kontakt med desse og samarbeider tett med alle tenestene.

Du kan lese meir om kva dei tilsette i avdelinga gjer nedanfor.

AvdelingsleiarET2.jpg

Avdelingsleiar

Som leiar for elevtenesta skal eg sjå til at du som elev får støtte frå dei som kan hjelpe deg best.

Avdelingsleiar Elevtenesta
Profilbilde av Lena Sanden

Lena Sanden

Send e-post 55140419
Radgivarar.midl.jpg

Rådgivarane

På Slåtthaug vidaregåande skole har vi tre rådgivarar. Rådgivarane hjelper deg med spørsmål du har om utdanninga di, vidare planar og med å søke om tilrettelegging for deg på skolen. Rådgivarane jobbar tett med klasseteam, miljøterapeutane og skolehelsetenesta. I tillegg samarbeider dei med OT/PPT, barnevernstenesta og BUP.

Du treffer rådgivarane på C‐bygget. Dei er tilgjengelege klokka 11.15‐11.45 kvar dag og elles etter oppsett plan på dørene deira. Du kan gjere avtale om ein samtale ved å kontakte dei på e-post.

Elisabeth Mjelde er rådgivar for elevane på Elektrofag og Helse- og oppvekstfag.
Leif Arne Bosdal er rådgivar for elevane på Bygg- og anleggsteknikk og Teknikk og industriell produksjon.
Lena Sanden er rådgivar for elevane på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse.

Rådgjevar
Profilbilde av Elisabeth Mjelde

Elisabeth Mjelde

Send e-post 55140421
Rådgjevar
Profilbilde av Leif Arne Bosdal

Leif Arne Bosdal

Send e-post 55140420
MT1.jpg
Mellomrom.jpg
MT3.jpg

Miljøterapeutane

På Slåtthaug har vi fire miljøterapeutar som er spesielt opptatte av trivsel og førebyggande arbeid. Dei har kontor på C‐bygget, men der er dei ikkje så ofte. Dei er så mykje som mogleg ute der det skjer.

Har du det ikkje heilt greitt ein dag, er du bekymra for ein venn, synes du det er vanskeleg å ta kontakt med andre elevar, eller er du usikker på kven du skal snakke med om noko du lurer på? Ta kontakt med ein av terapeutane. Dei kan snakke med deg eller sette deg i kontakt med den som kan hjelpe deg best.

Miljøterapeutane set i sving ulike sosiale tiltak gjennom skoleåret, og dei er pådrivarar for elevengasjement og innsats.

Andrea Flusund Hansen arbeider med å følge opp klassar og enkeltelevar.
Jan Fredrik Oddekalv jobbar spesielt mykje med rusførebyggande arbeid. Han er leiar i skolemiljøutvalet, og han følger opp klassar og enkeltelevar.
Kristin Nydal Pedersen er russestyret sin kontaktperson. Ho arbeider mykje med å hjelpe til når det er konfliktar i ein klasse, og ho følger opp enkeltelevar.
Maria Eikeland har ansvar for elevdemokratiet og er elevrådet sin kontaktperson. Ho arbeider også med å følge opp klassar og enkeltelevar.

Miljøterapeut
Profilbilde av Jan Fredrik Oddekalv

Jan Fredrik Oddekalv

Send e-post 95248914
Miljøterapeut
Profilbilde av Kristin Nydal Pedersen

Kristin Nydal Pedersen

Send e-post 40916234
Miljofagarbeidarane.JPG

Miljøfagarbeidarane

Benjamin Hack Rye (miljøarbeidar) følger opp klassar/enkeltelevar med behov for ekstra hjelp og støtte. Saman med Fredrik har han ansvar for skolefrukosten.
Fredrik Mørk Frotvedt er med i timar der det er behov for ekstra oppfølging av klassar og/eller enkeltelevar.
Renate Morvik Vikingstad betener biblioteket. Ho er med i timar der det er bruk for ekstra oppfølging av klassar og/eller enkeltelevar.
Tor Kristian Stabell Engum har største delen av arbeidet sitt i klasserommet, med å følge opp elevar og klassar.
Usman Munir følger opp klassar og enkeltelevar der det er behov, og han hjelper elevar som slit i matematikkfaget.

Miljøarbeidar
Profilbilde av Benjamin Rye

Benjamin Rye

Send e-post
Miljøfagarbeidar
Profilbilde av Fredrik Mørk Frotvedt

Fredrik Mørk Frotvedt

Send e-post
Miljøfagarbeidar
Profilbilde av Renate Morvik Vikingstad

Renate Morvik Vikingstad

Send e-post
Miljøfagarbeidar
Profilbilde av Tor Kristian Stabell Engum

Tor Kristian Stabell Engum

Send e-post
Miljøfagarbeidar
Profilbilde av Usman Munir

Usman Munir

Send e-post
Spesped2.jpg

Spesialpedagog

Magnhild Vik Thomassen er spesialpedagog og arbeider med å følge opp elevar med rett til spesialundervisning. Ho arbeider òg med å støtte elevar som treng særskild norskopplæring.

E-post: Magnhild.Vik.Thomassen@vlfk.no