Elev- og lærlingombodet i Vestland
Det er to elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune. Dei jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat skal få rettferdig behandling. Sigrid Isdal heiter ho som er kontaktperson for oss på Slåtthaug.
- Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din?
- Er du usikker på kva som er innanfor?
- Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling?
- Får du opplæringa du har rett på?
- Opplever du at noko er urettferdig?
Dette og meir kan du snakke med Sigrid om, det er berre å ta kontakt. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. NB! Ho har teieplikt!
Meir informasjon om elev- og lærlingombodet finn du på Vestland fylkeskommune si nettside: www.vestlandfylke.no/elevoglarlingombod
Du finn dei også på sosiale medium:
- Snapchat: elombud
- Facebook: Elev- og lærlingombodet i Vestland
- Instagram: ombodvestland