Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkommen til open skole på Slåtthaug vgs

Openskole04.02.20banner.jpg

Tysdag 4. februar arrangerer vi open skole, og du er hjarteleg velkommen!

 Kom for å sjå korleis vi har det på dei ulike utdanningsprogramma:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Teknikk og industriell produksjon

Og ta gjerne med føresette, viss du vil.

Rektor ønsker deg velkommen klokka 10 og klokka 12 på A-bygget. Her er også Elevtenesta til stades, om det er noko du lurer på.

Passar det betre å komme litt seinare, har du også ei moglegheit klokka 13.30.