Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sofaprat om ungdom og doping

21.11.24Sofaprat1.jpg

Slåtthaug vgs. var godt representert på onsdag, då Antidoping Noreg arrangerte nasjonalt seminar i Bergen. Tema: doping som samfunnsproblem.

Blant anna var 4PÅ-eleven Joakim Hansen og miljøterapeut Jan Fredrik inviterte til å delta i ein såkalla «sofaprat» på seminaret.

21.11.24Sofaprat2.jpg
Jan Fredrik og Joakim

Temaet for sofapraten var ungdommane sine haldningar og tankar rundt doping, samt korleis vi saman kan førebygge at barn og unge vurderer å bruke doping. Det blei eit flott møte, med deltakarar frå Askøy, Innlandet og ADNO, i tillegg til våre folk.

Det er mogleg å sjå heile seminaret i opptak, du finn lenka på Facebook-sida til Antidoping Noreg.

21.11.24Sofaprat3.jpg