Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Slåtthaug vgs sertifisert som Rein Skole

19.08.19 Ren skole.jpg
Rektor Magnhild Hakestad, styreleiar i Antidoping Noreg Thorhild Widvey og fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Foto: Terje K. Rasmussen)

I samband med den offisielle markeringa av starten på det nye skoleåret, fekk rektor overrekt plaketten som viser at vi nå kan kalle oss Rein Skole

Rektor opna med å ønske alle velkomne til det nye året. - Eg har gledd meg lenge til å komme i gang, kunne ho fortelje.

Ho understreka at ho trur på at alle kan klare seg godt gjennom skolegangen, men at vi veit godt at det er krevjande å vere elev og ungdom. (Tilhøyrarane fekk då også med seg eit par konkrete tips som kan bidra til ein god skolekvardag.)

19.08.19 Rektor.jpg

Mange opplever press, ikkje minst når det gjeld utsjåande og kropp. Rektor snakka om korleis vi vil jobbe med slike problemstillingar, og korleis det heng saman med status som Rein Skole. Å vere ein Rein Skole betyr blant anna at vi får spørsmål rundt antidoping, trening, kosthold og kropp inn på timeplanen i fleire fag.

Les meir: Derfor ønsker Slåtthaug vgs å vere sertifisert som Rein Skole

Solid samarbeid

Hordaland fylkeskommune har samarbeidd med Antidoping Noreg i fleire år, men vi er den første skolen i Hordaland som får sertifiseringa Rein Skole.

For å markere dette, var både fylkesordførar Anne Gine Hestetun og styreleiaren i ADNO, Thorhild Widvey, til stades. Begge skrytte av skolen sitt engasjement og det arbeidet som er gjort, men ga oss også gode ord med på vegen vidare.

19.08.19 Fylkesordføraren.jpg
(Foto: Terje K. Rasmussen)

Til slutt fekk rektor plaketten, eit synleg bevis på det som er gjort, men også på dei forpliktingane vi har teke på oss. 

Les om markeringa på antidoping.no: Første Ren Skole i Hordaland.
Les om markeringa på hordaland.no: Første skule på Vestlandet sertifisert mot doping.

Helping Hands

Rein Skole var ikkje einaste posten på programmet. Vi fekk også høyre frå ein annan av dei faste samarbeidspartnarane våre, den lokale hjelpeorganisasjonen Helping Hands. Dei siste tre åra har vi valt å støtte Helping Hands, i staden for å delta i det nasjonale OD-opplegget, og slik blir det også i år.

19.08.19 Helping Hands.jpg
(Foto: Terje K. Rasmussen)

Daniélla Rodrigues, ein av dei to grunnleggarane og ildsjelene som står bak organisasjonen, viste bilder og fortalde frå arbeidet og prosjekta i Tanzania. Dei står bak mange små og store tiltak, og får gode resultat med avgrensa ressursar. Grunntanken er heile tida hjelp til sjølvhjelp.

19.08.19 Skolegang.jpg
19.08.19 Våre bidrag.jpg

Daniélla fortalde om planane vidare, allereie neste veke drar dei ein ny tur til Tanzania. Ho lovde å halde oss oppdaterte og å komme tilbake med nye bilder.

Ho understreka fleire gonger kor takknemlege Helping Hands er for støtta frå Slåtthaug, men det spørst om det ikkje er vi som skal takke for den fantastiske innsatsen dei gjer. Vi er mektig imponerte!

19.08.19 Takk.jpg
(Foto: Terje K. Rasmussen)

Kven gjer kva?

Rektor nytta anledninga til å vise fram nokre av dei mange gode medarbeidarane sine.

19.08.19 Reinhald og drift.jpg
Reinhald og drift (Foto: Terje K. Rasmussen)
19.08.19 Kontor, YFK og IKT.jpg
Kontor, YFK og IKT (Foto: Terje K. Rasmussen)
19.08.19 Elevtenesta.jpg
Elevtenesta (Foto: Terje K. Rasmussen)

Sjå større utgåve av bildet

19.08.19 Leiinga.jpg
Leiinga
19.08.19 Publikum.jpg
Eit lite utval av publikummet