Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innslag på TV2-nyheitene: Samarbeider mot doping

19.09.13 SkjermbildeTV2.JPG

Slåtthaug vgs er ein av fleire vidaregåande skolar som har gått saman med Antidoping Norge for å kjempe imot bruken av skadelege dopingmiddel

Som eit ledd i det arbeidet, har Slåtthaug vgs blitt sertifisert som Rein Skole. Då heile skolen var samla den 20. august for å markere starten på skoleåret, blei den nye statusen gjort stas på med overrekking av plakett, og med gode ord både frå eigne folk og prominente gjester.

TV2 var også til stades, og snakka blant anna med nokre av elevane våre. Fjernsynskanalen jobbar med doping-problematikken frå fleire vinklar over tid, her kan du sjå ein reportasje TV2 har laga om saka. Den blei vist i hovudsendinga klokka 21 på fredag. Både fleire elevar og ein tilsett frå Slåtthaug er med, og dei gjer ein god figur.