Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Minoritetsrådgjevarar i vidaregåande skule

Illustrasjon_minoritetsrådgjevararar.jpg

Vi heiter Marie, Mona, Emma og Line og er IMDi sine minoritetsrådgjevarar i Vestland. Velkommen til å ta kontakt med oss!

Vi er utplassert ved Årstad vgs, Fyllingsdalen vgs, Bergen Katedralskole og Eid vgs. Både elevar og tilsette ved dei andre vidaregåande skulane i fylket er velkomne til å ta kontakt med oss.

Lever du med fleire kulturar samstundes?

Er du elev og synest det er utfordrande å leve med fleire kulturar samstundes? Opplever du at du ikkje har friheit til å ta eigne val? Lever du eit dobbeltliv? Er det vanskeleg å handtere alle forventningane som vert stilt til deg på skulen og heime?

Å bestemme over eige liv

IMDi sine minoritetsrådgjevarar jobbar for at unge menneske skal ha moglegheit til å bestemme over eigne liv. Uansett opprinnelsesland, etnisitet, religion, kjønn eller seksuell legning, har alle som bur i Noreg rett til å leve eit fritt liv og har krav på beskyttelse mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alle former for vald.

Vi har teieplikt

Minoritetsrådgjevarane har teieplikt og kan gje deg råd, samtaler og praktisk hjelp.

I tillegg til å jobbe direkte med ungdom, tilbyr vi også rettleiing og kompetanseutvikling til skulane og støtteapparatet.

Les meir om ungdom og negativ sosial kontroll på: NORA

Kontaktinformasjon

Line Sunde Kvalheim – utplassert ved Eid vidaregåande skule
Tlf.: 975 61 738
E-post: Line.Sunde.Kvalheim@vlfk.no
Teams: Line Sunde Kvalheim
Facebook-side: Line Minoritetsrådgjevar

Marie Brokstad – utplassert ved Årstad videregående skole
Tlf.: 412 05 578
E-post: Marie.Brokstad@vlfk.no
ITSL/Teams: Marie Brokstad
Facebook-side: Marie Minoritetsrådgiver

Mona Ibrahim Ahmed – utplassert ved Fyllingsdalen videregående skole
Tlf.: 465 43 878
E-post: Mona.Ibrahim.Ahmed@vlfk.no

Emma Gabriel Alexander – Utplassert ved Bergen Katedralskole
Tlf.: 477 88 176
E-post: Emma.Gabriel.Alexander@vlfk.no
ITSL: Emma Alexander
Facebook- side: Minoritetsrådgiver Emma