Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Medalje for lang og tru teneste til rektor

Medaljetilrektorwebmod.JPG

Sjølv om rektor Liv Rønning strengt tatt ikkje blir pensjonist før seint i haust, var siste plenumsmøtet før sommaren eit godt høve til ei lita markering

Det var trass alt snakk om slutten på siste skoleåret som rektor. Då er det på sin plass å få med seg fine ord, eit lite oliventre(!) og, ikkje minst, Medaljen for lang og tro tjeneste frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel. Den får ho etter 40 år samanhengande i arbeid på Slåtthaug - på Bjørkåsen vgs, og etter samanslåinga i 2005, på Slåtthaug vgs.

Rektor var slett ikke førebudd på slik virak, men ho tok det fint.