Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kva er ein god skule?

Gruppearbeidweb.jpg
Alle tenker gjennom eigne standpunkt før gruppediskusjonen startar

Mange gode og nyttige innspel frå elevane under Slåtthaug vgs sin årvisse Elevkonferanse onsdag

Onsdag 2. oktober var det tid for den årlege Elevkonferansen.

Heile elevrådet var samla på Scandic Kokstad saman med representantar for skuleleiinga og elevtenesta. I løpet av den halve dagen konferansen varte, var elevane innom fleire tema.

Speeddatingweb.jpg
Oppvarmingsøving

Etter ei oppvarmingsøkt med speed‐dating, delte vi oss i grupper og diskuterte mellom anna spørsmål som:
Kva kjenneteiknar ein god lærar?
Kva kjenneteiknar ein god elev?
Korleis kan den enkelte bidra til eit trygt skulemiljø?
Korleis kan elevrådet bidra til god elevmedverknad på Slåtthaug vgs?

Vi diskuterte også korleis språket vi bruker kan påverke skulemiljøet.

Konferansen gav mange gode innspel som vi tar med i det vidare arbeidet i elevrådet og i klassane.

Oppsummeringweb.jpg
Rektor fekk jobben med å oppsummere


(Tekst: Magnhild Hakestad. Bilde: Terje K. Rasmussen)