Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Korleis påverkar einsemd skulekvardagen?

Livsmeistringweb.png

Dette temaet blei sentralt i arbeidet til elevrådstyret under Skulestartkonferansen 2020, nå på onsdag

Livsmeistring – Læringsmiljø på skule og i SOME. Slik lydde overskrifta i programmet for den første Skulestartkonferansen for dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. 

Som alt anna var også dette arrangementet påverka av korona-pandemien, representantane frå dei ulike skulane deltok i møtet frå ikkje mindre enn ti forskjellige stader over heile fylket.

Skulestartkonferansen2020web2.jpg
Frå venstre: Miljøterapeut Maria Eikeland, styremedlem Gadeer Dawood Al-Obaidi (1HSa), nestleiar Matilde Karoline Ueland (1HSd), elevrådsleiar Anja Søfteland (3PBa), styremedlem Zakaria Waale Abada (1TPb) og rektor Magnhild Hakestad

Her på Slåtthaug satt Anja, Matilde, Gadeer og Zakaria frå elevrådsstyret saman med miljøterapeut Maria frå elevtenesta og rektor Magnhild.

I tillegg hadde vi besøk av utsendingar frå Os gymnas.

Rektor summerer opp konferansen slik:
- Vi var saman frå klokka 10 til klokka 14.30, og arbeidde med tema læringsmiljø og bruk av sosiale medium. Vi konsentrerte oss mest om temaet einsemd og korleis det påverkar skulekvardagen.
Her vil vi nok høyre meir frå elevrådsstyret etter kvart.

Programmet for Skulestartkonferansen 2020.