Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kickstart for elevrådsarbeidet

Elevrådet.jpg

På måndag var dei tilitsvalde frå alle klassane våre samla til den årlege Elevkonferansen, med diskusjonar og foredrag om elevmedverknad og, ikkje minst, val av elevrådsstyre

Elevkonferansen er ein kickstart for elevrådsarbeidet. Dette var første gongen alle dei tillitsvalde var samla frå alle trinna.

Elevrådet2.jpg

Elevrådet hadde ei økt med rektor der dei gjekk gjennom elevrådsarbeid og kva ein god skole er. Elevane blei blant anna spurde om korleis vi skaper eit trygt, raust og inkluderande miljø.
På grunn av Korona blei det lite moglegheit for gruppediskusjonar denne gongen, men elevane kom likevel med mange gode refleksjonar og innspel.

I tillegg hadde elev- og lærlingombodet Sigrid Isdal eit foredrag for elevane om rolla ho har og om elevmedverknad.

Elevmedverknad.jpg
Sigrid Isdal spurde elevrådet om dei har moglegheit til å påverke skolen. Her kan du sjå kva dei svarte 👍

Leiaren for Midtun Vekst møtte også elevane og fortalde om korleis dei driv kantina på skolen.
Til slutt valde forsamlinga det nye elevrådsstyret. 

Elevombod og rektor.jpg
Rektor og elev- og lærlingombod Sigrid Isdal helser på korrekt måte 😊

(Tekst og bilder: Maria Eikeland)