Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Hurra, vi opnar skulen att!

KontorAbygg.jpg

Frå neste veke er det endeleg klart for å ta imot elevane på skulen att. Vi greier ikkje å ha alle inne samtidig, så vi må lage ein god plan for å ivareta smittevernreglane

Måndag brukar vi til å planlegge opninga, difor får alle elevar sjølvstudium denne dagen. Vi oppmodar elevane om å bruke dagen til å arbeide med lekser eller ta igjen skulearbeid som ein ikkje har fått gjort.

Frå tysdag vil det vere undervisning etter timeplanen, ca. halvparten av elevane møter på skulen, resten får heimeundervisning. Vi legg ut meir informasjon om dette etter kvart, på heimesida og Its learning.

Vi gler oss til å sjå dykk att!