Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

ungdom-meningokokkvaksinasjon3.jpg
Bilde frå www.fhi.no

Også i år får alle elevar på dei vidaregåande skolane i Bergen kommune, som ikkje har tatt vaksinen før, tilbod om gratis vaksine mot meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse)

Tilbodet gjeld elevar som ikkje har tatt vaksinen før, det vil seie Vg1-elevane og Vg2/3-elevar som ikkje er vaksinerte frå før.

Her kan du lese informasjonsbrevet om tilbodet frå Bergen kommune: Informasjon til elevar om meningokokkvaksinering 2020.

På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon: Ungdom og vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Folkehelseinstituttet oppfordrar ungdom mellom 16 og 19 år til å vaksinere seg.

Bestilling

  • Send det ferdig utfylte skjemaet som vedlegg i e-post til post.slv@hfk.no.
Bestillingsskjema - vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Gjennomføring

  • Vaksinasjonen skulle etter planen skje i veke 12-14, men er utsett på grunn av situasjonen med koronasmitte. Nærare informasjon kjem seinare.