Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Er DU den største besserwisseren?

NO Flyer til mail.PNG

Onsdag 4. mars blir det Bezzerwizzer-turnering på Slåtthaug. Meld på deg og laget ditt!

I 2019 deltok over 1500 quizglade elevar i Noreg i den offisielle Bezzerwizzer-turneringa.
I år hiver Slåtthaug vgs. seg på, og miljøterapeutane i Elevtenesta arrangerer Bezzerwizzer-turnering for elevane på skolen!

Invitasjon

Turneringa går av stabelen onsdag 4. mars klokka 14.30-18.00 i kantina på C‐bygget. Det er plass til 8‐16 lag, med 2-3 elevar på kvart lag, så finn ein eller to å spele med og meld dykk på!
Turneringa tar 3‐4 timar, og vi serverer gratis mat til dei som deltek. Kjekt å vite!

Dette blir kjekt! Påmelding til ein av miljøterapeutane: Jan Fredrik, Maria eller Kristin.

Stor utgåve av plakaten.