Alle nye elevar drar på ein felles tur til Øygarden ved skulestart. På turen kan du få nye vener og bli kjend med klassen som du skal høyre til dei neste tre åra.
Dei aller fleste faga på Vg1 er felles, men det er nokre unntak.
I matematikk må du velje mellom teoretisk matematikk (1T) og praktisk matematikk (1P).
I felles framandspråk kan vi tilby spansk, fransk og tysk for elevar som har følgt faga på ungdomsskulen, og spansk for elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomstrinnet, eller som vil byte til eit nytt framandspråk på vidaregåande.