Praksis i Irland
Innan restaurant- og matfag har Sandsli videregående skole samarbeida med Knightsbrook hotel og sendt elevar på utplassering årleg sidan 2010.

Elevar ved Vg2 restaurant- og matfag på Sandsli videregående skole får moglegheit til å vere med på ein tre vekers praksisperiode ved Knighstbrook hotel i Irland.
Alle interesserte elevar sender ein skriftleg søknad på engelsk til skulens internasjonale koordinator, og blir kalla inn til intervju. Krav til søkarane er at dei har gode karakterar i orden og åtferd, at dei er motiverte for å arbeide og lære ny kunnskap, at dei er sjølvstendige og tilpassingsdyktige, og at dei kommuniserer bra på engelsk.
Deltakarane som er utplasserte i Irland får ei arbeidserfaring utanom det vanlege som dei kan ta med seg vidare i karrieren sin. Med bakgrunn i fordjupingsfag dei vel ved Sandsli vgs, praktiserer deltakarane enten som kokk, konditor eller servitør. Under utplassering ved Knightsbrook hotel, som er eit 4-stjerners spa og golf hotell, blir elevane inkludert i ein arbeidsplan der dei tar del i ulike arbeidsoppgåver tilknytta hotellets restaurant/kjøkken.
Tilbakemeldingane etter utplasseringa i Irland har vore svært positive både fra elevane som var utplasserte og dei ansvarlege kontaktpersonane ved Knightsbrook hotel. Elevane får ofte tilbod om vidare sommarjobb.
Knightsbrook hotel