Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Miljøfyrtårn

Sandsli vgs er ein miljøfyrtårnskule, og gjer det vi kan for å ta vare på miljøet. Mellom anna er vi opptatt av å kjeldesortere!

Avfallet kan bli delt inn i følgjande typar:

  • Organisk avfall; grisemat
  • Kopipapir og anna papir (glansa, aviser, tidsskrift)
  • Papp
  • Batteri
  • Usortert eller blanda avfall; pallar og anna trevirke, steintøy, hardplast
  • Metall og glas; går i same behaldar
  • Spesialavfall; lysstoffrøyr, kjemikaliar (mellom anna frå laboratoria)
  • Rein plastfolie; blir levert separat (blank og farga)
  • Restavfall; berre brennbart materiale, inkl. mjølkekartongar
  • EE-avfall; pc-ar, tv-ar, radioar, leidningar

Organisk avfall, grisemat
Alt av matavfall (grisemat) skal takast frå opphavsstad og ut til det avkjølte matavfallsrommet i kjeldesorteringsrommet. Ut frå lov om slikt avfall frå kjøken, spisesal, bakeri og kantine, skal det vere sortert frå anna avfall og lagrast på forsvarleg måte. Vi betalar pr. kg matavfall som bli tømt i grisematen. Det er derfor viktig at internkontrollen fungerer ordentleg for denne kategorien avfall. Denne kategorien bør kunne minskast, ved at gode rutinar blir følgde.

Kopipapir
Kopipapir skal vi kaste i behaldarar (140 liter) ved kopimaskinane, og så blir dei køyrt til kjeldesorteringsrommet. Anna papir (glansa, aviser, tidsskrift) kan også kastast her.

Papp
Papp (bølgepapp, kartongar og liknande) (NB! Ikkje mjølkekartongar) blir plassert i kjeldesorteringsrommet. Her vil vaktmeisteren bunte det saman etter kvart som det kjem inn. Kartongane skal ikkje bli «flata ut» eller rivast opp når dei blir sette inn der. Det er heller ikkje behov for å fjerne tapestrimler frå kartongane. Men dei må ikkje vere grisa til av matavfall. Ved behov bestiller vi henting. Pr. i dag er det ikkje betalt for slik papp. Men vi sparar volum på å presse det saman.

Batteri
Batteri kan leverast til vaktmeister eller i resepsjonen, som vil lagre det på ein eigna stad, inntil vi har anna avfall vi skal levere sjølv.

Usortert eller blanda avfall (trevirke, pallar, hardplast, steintøy)
Pallar kan setjast utanfor varemottaket, så syt proviantforvaltar for at pallane blir leverte etter kvart. Pallar er det retur på, vareleverandørane tar inn slike. Øydelagde pallar og anna, som små trekassar, kan vi ha i usortert/blanda avfall. Eventuelt er det mogleg å ta heim for brensel, kontakt vaktmeister.

Metall
Metall har vi svært små mengder av. Dette er ikkje noko problem på skulen. Her vil det bli tømming etter behov; kontakt vaktmeister.

Glas og hermetikkboksar
Glas og hermetikkboksar er det eit godt utbygd system for. Dei to typane kjem inn hovudsakeleg på kjøkenet/i undervisingsverkstadene, der lærarar og elevar er ansvarlege for at det blir skylt og lagt ut i kjeldesorteringsrommet. NB! Porselen er det inga eiga innsamling for, denne kategorien blir behandla som usortert/blanda avfall.

Spesialavfall
Lysstoffrøyr, sparepærer og kjemikaliar (mellom anna frå laboratoria). Lysstoffrøyra samlar vaktmeistar inn etter kvart som røyra blir skifta ut. Kjemikaliar er skulen sitt ansvar, og blir behandla etter gjeldande reglement. Dei blir levert inn på ein forsvarleg måte. Her må dei som har slikt avfall, ta omsyn til farenivå og behandle stoffa som forskriftene tilseier. Dette gjeld særleg samlingsstyrarane som kan ha noko slikt avfall på dei ulike laboratoria.

Rein plastfolie
Denne blir samla saman i kjeldesorteringsrommet i eigne plastsekkar. Det er merkt forskjell på blank og farga plast.

Restavfall
Restavfall og berre brennbart materiale, inkludert mjølkekartongar. Dette er ei samansett mengd og utgjer ganske mykje i volum. Dette blir kasta og konteinaren blir tømt ein gong i veka. Målsetjinga er at denne kategorien skal bli så liten som mogleg.

EE-avfall
Elektrisk avfall, som pc-ar, tv-ar, radioar, leidningar og liknande blir sortert etter merking på kjeldesorteringsrommet.

 

Leverandørane

Leverandørane som har innkjøpsavtale med HFK må ta med seg emballasje, eller vi kan krevje at leveransar av mat skal skje i visse typar emballasje. For eksempel kan vi avtale med leverandørane av fersk fisk at leveransen skal bli levert i same type emballasje som leverandørane av kjøt brukar.
Nye metodar i å minske avfall vil nok medføre endringar i vanane til skulens tilsette og elevar, men vi er nøydt til å gjere det, ifølge forureiningsloven.

 

Merking på bossrommet

Nokre behaldarar har eit skilt med tekst på lokket for å vise kva slags avfall behaldaren er til. Då skal berre denne kategorien avfall bli lagt i denne behaldaren. Andre behaldarar har tekst på sida, eller fargar som indikerer avfallskategori.
Dersom vi ikkje kastar i rett behaldar, vil vi måtte betale for usortert avfall. Det er den dyraste kategorien avfall.

 

Gjennomføringa

Organisk avfall, grisematen for kjøken
System er viktig når det gjeld undervisingskjøken. Lærarane har ansvar for å sjå til at elevane går frå undervisinga etter gjeldande reglar. Det betyr at behandlinga av grisemat skal skje etter godkjende rutinar og prosedyrar.

Vask av grisematrom
Rommet skal gjerast reint dagleg, også vask for vasking av grisematspann. Ansvar for dette er omtala i eige skriv om gjeremål for RM-avdelinga sitt arbeidsrom. Kjøkensjefen i den aktuelle klassen sjekkar om det er reingjort. Dersom det ikkje blir gjort reint og den ansvarlege klassen ikkje har gjort jobben, må det gjerast av den klassen som brukar hovudkjøkenet den aktuelle dagen. Dunkane blir henta kvar tysdag. Det vil då vere ein føremon at rommet blir vaska etter henting, ca. kl. 14:30.

Kantine
Utskiljing av matavfall frå kantina følgjer dei sam rutinane som dei andre avdelingane. Her skal det vere merkt ein dunk for matavfall, ein for restavfall og ein for papir. I tillegg skal det finnast tilstrekkeleg med avfallsstativ ute i kantinelokalet for restavfall. Det bør også vere ein for matavfall. Kantinepersonell må syte for at brukarane blir gjort merksame på korleis avfallshandteringa i kantina fungerer. Dei tek sjølv med seg avfallet sitt til dei rette stadane i kjeldesorteringsrommet.

Klasserom (og grupperom)
På alle klasserom og grupperom er det to bosskorger, ein for restavfall (m/plastpose) og ein for papir. Den for restavfall blir tømt kvar dag av reingjeringspersonalet. Den for papir blir tømt av ordenselev og skal skje ved behov, minst ein gong i veka. Papiret skal kastast i dei store papirkontainarane i kjeldesorteringsrommet. Dersom elevane kastar anna avfall i papirbosset, må dette bli fjerna før papiret blir tømt i papirbehaldarane på kjeldesorteringsrommet. Det er eit sekkestativ ved sida av til dette.
Dei siste gruppene som forlet klasseromma før feriar og langhelger, må syte for at all søppel blir kasta i restavfallsbehaldaren. Det skal ikkje ligge matavfall igjen andre stader i klasserommet. Dette er for å hindre at insekt finn matavfall dei kan ”kose” seg med mens vi har ferie. Dette gjeld alle årstider. Når vi kjem tilbake, ønskjer vi eit insektfritt innemiljø.

miljøsertifisering.jpg