Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Historia til Sandsli vgs

Bergen Kokk- og stuertskole

I 1895 fastsette bystyret i Bergen å opprette ein stuertskule, og undervisninga kom i gang 2. januar 1896 med småkurs over 2 ½ månader. Hovedgrunnen var å utdanne kokkar om bord i skip, fordi det på den tida var sterke klagar over mat og matstell i handelsflåten. I løpet av skulen sine 25 første år auka elevtalet frå 10 til om lag 50.

I dei første åra heldt skulen hus i Olav Ryes vei 35, og i 1904 flytta han inn i den nye sjømannsskulen på Nordnes. I 1934 blei verksemda overført til Tollbodallmenningen 10, og der heldt skulen til inntil han blei overført til Sandsli 60 år seinare.

Etter 2. verdskrig blei det vedteke at det skulle skilajst mellom kokkeutdanning og stuertutdanning. Bergen Stuertskole fekk derfor namnet Bergen kokk- og stuertskole i 1951. Stuertutdanninga blei styrkt, både med nye fagområde og i lengd.

Kokkeutdanninga for sjøfart og for restaurantar/hotell blei etter kvart samordna, og det blei sett i gang eit felles grunnkurs for kokk/servitør/husstell og ei eittårig bakarlinje. I det heile teke skjedde det ei sterk differensiering av utdanninga ved skolen gjennom heile siste halvdel av hundreåret.

Men plassmangelen melde seg, og lokala blei stadig meir nedslitne. Skulen måtte leige undervisingsrom ein rekke stader i byen, og behovet for nye lokale blei meir og meir påtrengjande.

Hordaland fylkesting gjorde så ei avgjerd om å fusjonere skulen med Gimle videregående skole og flytte verksemda til Sandsli, akkurat 100 år etter at skulen blei stifta. Lærarane sin motivasjon for å få meir egna lokale la grunnlaget for at samanslåinga blei så vellykka som ho blei.

Gimle videregående skole

Gimle videregående skole i Bergen blei oppretta i 1976 for å avhjelpe den store elevsøkinga til vidaregåande opplæring i Bergen Sør og den tidlegare kommunen Fana.

Medan dei andre vidaregåande skulane i Hordaland først innførte ”Ny struktur” i 1977, vedtok Hordaland fylkeskommune at Gimle videregående skole skulle drivast etter den nyleg vedtekne Lov om vidaregåande opplæring alt frå ho blei oppretta.

På denne måten blei skulen i mange år ei naturleg drivkraft i Bergen for utviklinga av den nye vidaregåande skulen.

Ein annan fordel som skulen drog nytte av, ved sida av å vere først ute med å innføre ”ny struktur”, var at skulen i all hovudsak hadde mange nyutdanna lærarar. Og dei stod ikkje med beina godt planta i det tradisjonelle gymnaset. Skulen var derfor i ei årrekke svært aktiv innan pedagogisk utviklingsarbeid/organisasjonsutvikling.

Gimle videregående skole var i alle år ein 5-parallells ålmennfagskule som heldt til i leigde lokale på Fridalen barneskole (grunnkursklassane) og Gimle ungdomsskole (VK1 og VK2).

Fylkeskommunen hadde nok i mange år eit seriøst ønske om å erstatte desse leigde lokala med eit eige bygg lengre sør i kommunen. Men det blei ikkje før at Bergen kommune begynte å  signalisere eigen interesse for dei lokala vi leigde, at det kom fart i sakene.

Og då flyttinga til Sandsli skjedde i 1994, var det praktisk talt alle tilsette på Gimle som frivillig blei med på flyttelasset, eit viktig bidrag til at starten på Sandsli blei så vellykka. 

Overgangen til Sandsli

I 1994 vedtok Hordaland fylkesting å slå saman Bergen kokk- og stuertskole og ålmennfagskulen Gimle videregående skole og kalle den nye samanslutninga Sandsli videregående skole.

Allereie i 1973 vedtok fylkestinget å setje opp ein ny vidaregåande skule i Fana på prioritetslista over nye skulebygg i Hordaland. Etter kvart fekk prosjektet namnet Fana videregående skole; seinare Nordås videregående skole, for til sist å bli kalla Sandsli videregående skole. Det skulle altså ta 21 år før planane blei realiserte.

I mellomtida er det to gonger (1980 og 1991) blitt utarbeida arkitektteikningar for prosjektet.

Rundt 1990 var i grunnen alt klart for at skulen skulle byggjast på den fylkeskommunale tomta på Sørås ved Lagunen Storsenter. Romprogrammet blei vedteke, ein arkitektkonkurranse blei gjennomført, og det sigrande arkitektkontoret og brukarane arbeida jamt og trutt i heile 1992 med settet av teikningar for denne skulen.

Men då det gjaldt som mest å få økonomien med dei 150 millionar kronene på plass, rauk heile prosjektet, og ein måtte sjå seg om etter andre alternativ.

Våren 1994 vedtok så fylkestinget å leige Aker Engineerings lokale i Sandslimarka 51 med i alt 7.715 m2 og Sandsli Sportssenter i Sandslihaugen 10 til kroppsøvingsformål.

På det viset blei ikkje arealet særs mindre enn det som var planlagt på Sørås, og med unnatak av klassar for tannteknikarar, kunne skulen opprette dei fleste klassane/linjene som føresetnadene hadde vore.

Den 1. august 1994 opna så skulen for ordinær drift med 33 klassar og 650 elevar. I 2018 hadde skulen rundt 550 elevar fordelt på studieretningane Studieførebuande og Restaurant- og matfag.