Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen til Sandsli vgs

Sandsli videregående skole ligg i Ytrebygda bydel, mellom bybanestoppa Sandslivegen og Sandslimarka.

SANDSLI VGS, EIT VARMT OG INKLUDERANDE SKULEMILJØ FOR ALLE

Sandsli er eit stort arbeidsfellesskap, der ca. 620 elevar og tilsette møtast kvar dag. Det er spennande og givande å ha programområda studiespesialiserande og yrkesfaget Restaurant- og matfag under same tak. Vi hentar energi og inspirasjon frå kvarandre.

Skulen starta på Sandsli i 1994. Ved utgangen av skuleåret 2018-19 blir skulen bygd om og pussa opp. Lokala vil få eit moderne og innbydande uttrykk. Alle vil få gleda av nye fellesareal, ny stor kantine med eige produksjonskjøken, nytt bibliotek og nytt fleirbruksrom til 180 personar. Det er berre å glede seg!

Alle tilbakemeldingar frå elevar og tilsette viser at skulen har eit særs godt lærings- og arbeidsmiljø. Alle set pris på eit varmt og inkluderande skulemiljø prega av omtanke, rausheit, respekt, samhald og tryggleik.

På Sandsli gir vi «næring til læring», og resultata viser at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling og gode resultat. Som elev vil uansett arbeidsinnsats og det å vere til stades utgjere viktige faktorar for å lykkast på skulen. Ei positiv innstilling til jobben som skal gjerast er viktig. Skulen har kvalifiserte, dyktige og engasjerte lærarar som følgjer deg tett på læringsvegen. Vi har tilsette med brei kompetanse og erfaring som også kan bidra med hjelp og støtte om problem hopar seg opp.

Elevrådet speler ei aktiv og sentral rolle i demokratiet på skulen.

Eit godt arbeidsmiljø er ikkje ein sjølvsagt ting som kjem av seg sjølv. Vi som er på skulen i dag nyt godt av den standarden tidlegare elevar og tilsette har etablert. Det er viktig at vi på kvar vår måte bidrar til eit godt arbeidsfellesskap.

Eg ønskjer deg lykke til med læringsarbeidet, og håpar du får ei positiv tid på Sandsli vgs.

Sandsli gjer ein forskjell!

 

Venleg helsing

 

Administrasjonen

Om skulen

Sandsli videregående blei opna i 1994, då Bergen kokk og stuert-skole og Gimle videregående skole blei slått saman til ein skule. Vi held til i Sandslimarka 51 og leiger plass i Sandsli Sportssenter til kroppsøving.

Oversiktsbilde av Skolen

 Sandsli videregående skole er Miljøfyrtårnskule

Å vere Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Verksemda jobbar for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.
Du kan lese meir om Miljøfyrtårn, og korleis vi praktiserer det på lenka under.

Kantina

Skulekantina er open for elevar:

Måndag: 10:00 - 13:15
Tysdag: 08:30 - 13:15
Onsdag: 08:30 - 13:15
Torsdag: 08:30 - 13:15
Fredag: 08:30 - 12:00

Gratis frukost

Tysdag-torsdag kl. 07:30 - 07:55

I kantina kan du gjere lekser, slappe av og prate med vener. Kantina tilbyr eit variert utval av mat og drikke. Elevar frå Restaurant- og matfag lagar varmmat ein kan få kjøpt fleire gonger i veka.

Kantina og fellesområda på skulen fekk ei stor oppgradering i skuleåret 2018-19.

Ny kantine.png