Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

IT-avdelinga

Du finn oss i andre etasje ved sida av auditoriet.

Elev-pc

Undervisinga i vidaregåande skule krev at alle elevane har PC. Du har sjølv ansvar for å skaffe deg PC til skulestart i august.

Du bør ha eit antivirusprogram som er oppdatert, og du må kunne produsere og levere inn oppgåver i format som er mogleg å lese for læraren.

 

Elev-PC

Du finn alt av programvare du treng til undervisinga på skuleportalens programvare-side.

Har du ikkje fått passord, eller mista sms-en med passord, så kan du få tilsendt nytt.

FORELDREPÅLOGGING TIL VIS (Visma In School)

VIS er eit skuleadministrativt system der elevar og føresette ser elevfråvære, merknader, karakterar og søknader med meir. Føresette har tilgang fram til eleven er 18 år. Dette er ein del av fokuset skulen har på tett samarbeid mellom skulen og heimen.

Føresette for elevar under 18 vil ha tilgang til timeplan, klasser og grupper samt karakterar og fråvære. Les meir om dette på VIS-sida til VLFK, https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/vis/. 

I lenkeknappane finn ein ein introduksjonsvideo om VIS til føresette og sjølve innlogginga til VIS.

VIS video føresette

 

VIS innloggingslenke
7658225516_00cf277f83_b.jpg

Kva kan vi hjelpe med?

Vi kan hjelpe deg med program på maskinen, som for eksempel Office, Windows og Ordnett pluss.

Atea

Har du kjøpt skule-PC via Atea, og den har blitt skada eller øydelagt på ein eller annan måte, må du sjølv ta kontakt med Atea via lenka under.

Når du har fått oppretta sak og fått saksnummer på SMS, kan vi hjelpe deg med å sende inn datamaskinen. Dersom du har maskinen inne til reparasjon, kan du få lånemaskin av oss i mellomtida.

Atea

IKT-konsulent
Kristoffer Lekven Sivertsen