Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon til føresette

Her finn du informasjon om mellom anna permisjon, Vg2 i utlandet, eksamen og klagar, informasjon om SkoleArena samt Lånekassen og Skoleskyss.

Tilrettelegging til prøvar/eksamenar

Elevar med særskilte behov for tilrettelegging skal snakke med rådgivaren og levere sakkyndig dokumentasjon for å søkje om dette. Elevar som ikkje har levert søknader om tilrettelegging til eksamenar innan 1. april kan ikkje bli garanterte tilrettelegging. 

Klage på standpunktkarakterar

Det er mogleg å klage på standpunktkarakterar, eller vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter (Forskrift til opplæringslova §5-1).

Fristen for å klage er 10 dagar etter at standpunktkarakterane er gjort kjende for eleven i SkoleArena.

Klagen skal framsetjast skriftleg og leverast til rektor. Klagen skal nemne fag og karakter det blir klaga på. Klagen skal også innehalde ei grunngjeving/årsak.
Behandling av klagen kan føre til at karakteren blir ståande, eller at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda er endeleg og då utan ny klagerett.

Søknad om permisjon

Rektor kan gi elevar permisjon inntil samanlagt 10 skuledagar i eit opplæringsår dersom eleven kan dokumentere at fråværet er på grunn av ei av årsakene nemnt i Forskrift til opplæringslova §3-47: Arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Søknad om fri frå opplæring for ein dag skal bli levert til kontaktlærar.
Alle andre søknader om fri frå opplæring skal bli levert skriftleg til rektor.
Det blir ikkje gitt permisjon til feriereiser.

Om godkjenning av vg2 i utlandet

Vg2 i utlandet kan bli godkjent ut frå reglane som går fram av rundskrivet Udir-6-2012. Skoleåret til utlandet må vere slik at det kvalifiserer til Vg3, og at det oppfyller vitnemålskrava. Meir info på lenka under.

hender på tast2

Eksamen og klage på eksamenskarakter

Elevar får skriftleg informasjon om eksamenstrekk og eksamensdatoar på Itslearning, Sandslinytt for elever. I tillegg blir det  heldt informasjonsmøte trinnvis.

Elevar skal setje seg inn i eksamensreglementet som ligg på Sandslinytt for elever.

Eleven kan klage på karakter på skriftleg eksamen (Forskrift til opplæringslova §5-9). Fristen for å klage er 10 dagar etter at eksamenskarakterane er gjort kjende for eleven i SkoleArena. Klagen må vere skriftleg, men treng ikkje bli grunngjeve. Klagen blir behandla av klagenemnda og eleven får ny karakter. Den nye karakteren kan vere høgare eller lågare enn den opphavlege karakteren.

Ved munnleg eksamen kan det berre bli klaga på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet (Forskrift til opplæringslova §5-10).

Global-vfk.no-media-Utdanning-Skolene-Horten vgs - multimedia-Aktueltlisten-FellesSaker-Foresattilgang.jpg

FORELDREPÅLOGGING TIL SKOLEARENA

SkoleArena er ein dokumentasjonsstad for elevane sitt fråvære og vurderingar i fag. Føresette til elevar under 18 år kan få tilgang til SkoleArena. Dette er ein del av fokuset skulen har på tett samarbeid mellom skulen og heimen.

Hjelp til pålogging

Statens lånekasse

Lånekassen_smal_web.jpg

 

Alle elevar i vidaregåande skule har moglegheit til å søkje stipend, dette må gjerast på nett. Takkar du ja til skuleplass på Vigo.no, finn du søknaden om stipend og lån på Vigo sine nettsider.  Då brukar du vigo-kodane.

Alle kan søkje på stipend hos lånekassen.  Her brukar du MinID-kodane til å logge på, les om MinID-kodane på heimesida til Lånekassen eller på eit informasjonshefte du kan hente i  ekspedisjonen på skulen.

Frist for søknad om stipend/lån for hausten er 15. november. For stipend/lån for våren, må søknaden vere innan 15. mars. Bruk lenkene til lånekassen til å finne ut meir om korleis ein søkjer om stipend og/eller lån.

Skuleskyss

Skolyskyss panorama.jpg

 

Elevar som har rett på skuleskyss, får eige skulekort. Kortet gjeld på strekninga mellom heimen og skulen, og gir rett til to turar (inkludert overgang) i tida mellom 05.00 og 23.00.

I Hordaland nyttar elevane som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett til skuleskyssen. Dette gjeld også elevar med avstand mellom heim og skule på over 6 km, og som ikkje er fylt 16 år. Det betyr at funksjonsfriske elevar under 20 år, som bur innanfor definerte område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida, ikkje har rett på gratis skulereisekort. Dei må løyse ungdomsbillett om dei ønskjer skyss.