Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Meir om rådgivartenesta

Du skal kunne snakke med rådgivar om alt som gjeld skulen, enten det er faglege spørsmål, personlege vanskar eller forhold til andre elevar.

Dersom du har problem utanfor skulen som går utover skulearbeidet ditt, eller problem du treng hjelp til å få løyst, kan du kontakte rådgivarane.

Rådgivar bør kontaktast viss du har spesielle helseproblem som skulen bør ta omsyn til.

Om du har krav på spesiell tilrettelegging til heildagsprøvar og til eksamen, er det viktig at rådgivar får nødvendig dokumentasjon på dette.

Rådgivar:

- har teieplikt, altså plikt til å halde opplysningar hemmeleg.

- kan setje deg i kontakt med Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande skule, helsetenester, NAV og andre instansar som kan vere nødvendige.

- gir, i samarbeid med fagleg-pedagogisk leiar, informasjon om val av programfag til Vg2 og Vg3.

- gir info om utvekslingsår i utlandet og om andre skular.

- orienterer om vidare utdanning etter vidaregåande skule, og arrangerer informasjonsmøte med universitet og høgskular.

Kontakt oss

Rådgivar ST
Profilbilde av Tone Gjul Gardsjord

Tone Gjul Gardsjord

Send e-post
Rådgivar RM
Profilbilde av Anne Veim Haugland

Anne Veim Haugland

Send e-post