Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenesta

Elevtenesta er eit tilbod der du kan ta direkte kontakt for samtale om yrkesrettleiing, sosial-pedagogiske utfordringar eller helsemessige spørsmål om psykisk og fysisk helse.

Elevmiljøet

IMG_2782.JPG

Vi har som formål å skape eit godt elevmiljø her på skulen. Då meiner vi at vi også vil få eit godt læringsmiljø. Vi tar på alvor den nye ”arbeidsmiljøloven” for elevar, det vil seie at vi prøver å få eit best mogleg fysisk og sosialt miljø på Sandsli videregående skole.

Derfor vil vi førebyggje negativ åtferd, og å stimulere og forsterke positiv åtferd. Vi ønskjer at skulen skal vere inkluderande, at kvar enkelt elev skal bli sett og bli teken vare på på ein måte som skapar tryggleik og tillit. Det er ein lang veg å gå, men vi meiner å ha komme inn på riktig veg her på skulen.

Koordinator for elevtenesta

Koordinator for elevtenesta (elevkoordinator) har sosialpedagogisk ansvar, er leiar for elevtenesta, og er kontaktleddet mellom leiinga, det pedagogiske personalet og elevane. 

Ei av dei viktigaste oppgåvene til koordinatoren er å syte for elevdemokrati og eit godt skulemiljø. 

Koordinatoren er vidare ansvarleg for ulike førebyggjande tiltak og tverretatleg samarbeid med f.eks. politi og OT/PPT. Samarbeid med russen, med fokus på ei trygg og inkluderande russetid for alle, høyrer også til under koordinatoren sine arbeidsoppgåver.

Koordinator for elevtenesta
Profilbilde av Hildegunn Hodneland

Hildegunn Hodneland

Send e-post 55115620

Rådgivartenesta

Med rådgivar kan du snakke om alt som gjeld skulen, enten det er faglege spørsmål, personlege vanskar eller forhold til andre elevar. Vi har to rådgivarar, som har kvar sine område. 

Tone har hovudansvar for alle klassane på Studieførebuande programområde.

Tone er også leiar for skulen sitt ressursteam, og følgjer opp elevar på særinntaket og elevar med spesialundervising, i samarbeid med Anne Veim Haugland.

Rådgivar ST
Profilbilde av Tone Gjul Gardsjord

Tone Gjul Gardsjord

Send e-post 95746524

 

Anne Veim Haugland er rådgivar med ansvar for alle elevar på programområdet for Restaurant- og matfag, og for elevar i tilrettelagt gruppe. 

Anne er også med i skulen sitt ressursteam, og følgjer opp elevar på særinntaket og elevar med spesialundervising i samarbeid med Tone Gjul Gardsjord.

Rådgivar RM
Profilbilde av Anne Veim Haugland

Anne Veim Haugland

Send e-post

   

Helsesøster

Helsesøster Wenche Haukanes er på Sandsli måndag, tysdag og onsdag 08.00 - 14.00. Open dør, eventuelt etter avtale.

Ho kan treffast måndag-onsdag på mobil (hugs å skrive namnet ditt når du sender sms).

Avtale hos helsesøster blir rekna som gyldig fråvære når det er dokumentert. Bruk mobil utanom kontortid.

Kva kan du snakke med helsesøster om?

  • Manglande trivsel - heime, på skulen eller blant vener
  • Søvnproblem
  • Problem med konsentrasjon, muskelsmerter, magesmerter, hovudpine
  • Vanskelege heimeforhold
  • Prevensjon, seksualitet
  • Eteforstyrringar/matlystplager, slanking
  • Rus

Hos helsesøster kan du få gratis:

  • resept på p-piller og andre prevensjonsmiddel
  • kondom
  • graviditetstest
  • testing for klamydia
Helsesøster
Profilbilde av Wenche Haukanes

Wenche Haukanes

Send e-post 94500712