Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bibliotek

Biblioteket på Sandsli finn du i første etasje ved sida av kantina.

Biblioteket er ope i heile skuletida, og betjent:

Måndag 9.15-11.40 og 12.10-12.45
Tysdag 1. time kvar veke og 2. time i partalsveker
Onsdag 1. og 4. time kvar veke og 2. og 5. time i partalsveker
Torsdag 2. time

På biblioteket kan du låne bøker (både i papirformat og digitalt), lese blad og aviser, gjere lekser eller arbeide med prosjekt. Treng du meir arbeidsro, har vi grupperom ved sida av kaffibaren.

Du kan også få hjelp til å finne litteratur til prosjekt og oppgåver, og få rettleiing til god kjeldebruk.

Kom gjerne og spør!

 

Kontaktpersonar for biblioteket:

Lærar
Profilbilde av Ann-Charlotte Aksnes

Ann-Charlotte Aksnes

Send e-post
Lærar
Profilbilde av Anita Skrede

Anita Skrede

Send e-post

På biblioteket får du lånekort og låner lærebøkene dine ved skulestart. Det er mogleg å låne andre bøker i utlånsmaskinen om du har med gyldig lånekort elles i skuleåret.

Du kan når som helst søkje i biblioteket si samling via internett, og låne e-bøker på Hordaland sine nettsider.

2017-05-31-18-43-39-900x598.jpg