Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Korona og fråvære

Er du som elev heime på grunn av karantene eller kjenner symptom på luftvegsinfeksjon, skal fråværet ditt registrerast som Sjølvstendig studiearbeid. Dette fråværet står ikkje på vitnemålet og gir ikkje %-fråvære i fag. Du treng ikkje legeerklæring i desse tilfella. Undervisningsopplegg skal vere tilgjengeleg på Itslearning, og du skal arbeide med faga dine heime på eigen hand.

Fråvær ved karantene / symptom

  • Ufrivillig fråvær pga symptom/karantene organiserast som Sjølvstendig studiearbeid
  • Sjølvstendig studiearbeid innvilgast av avdelingsleiar og det skal ikkje førast fråver
  • Det krevjast ikkje legeerklæring i desse tilfella.
  • Faglærar må følgje opp eleven sitt arbeidet.  Det er særs viktig at undervisningsopplegg er tilgjengeleg for eleven i LMS (IT’s learning, Google classroom eller Teams)
  • Ein må ha særskilt merksemd mot elevar på Vg1

Les også om vanar som førebyggjar smitte på nettsidene til FHI.