Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

eTwinning

eTwinning spanskprosjekt.png

Skuleåret 19-20 har Sandsli vgs. deltatt i eTwinning-prosjektet «Birds of the same feather». Lærar Susana Borgen og klassen 1STACD i spansk har samarbeida med lærarar og elevar frå Thorén Busines School (Sverige), IES Lakua BHI (Spania) og IES Matarraña (Spania).

Spanskklassen jobba tverrfagleg med to ulike fag; naturfag og framandspråk. Målet med prosjektet har vore å auke kunnskapen om det spanske og engelske språket med fokus på klima og miljø. Elevane har også identifisert kva fuglearter som har endra åtferd i det vanlege miljøet. Gjennom prosjektet har elevar samarbeida tett med kvarandre og med dei andre deltakarskulane.