VG2 elenergi
Når du går Vg2 Elenergi, skaffar du deg eit utgangspunkt for å verta elektrikar.
Du lærer å arbeide med elektriske lågspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar som blir brukt til distribuering og forbruk av elektrisk energi. Dette kan gjelda bustadhus og andre bygningar, men òg industri og store installasjonar. Du lærer teori om korleis ein produserer elektrisk energi i ein kraftstasjon, og korleis ein fører straum fram til brukaren.
Du kan verta "vanleg elektrikar" som installerer anlegg på land, eller du kan verta t.d. maritim elektrikar (skipselektrikar).
Vg3 Maritim Elektro (byggjer på Vg2 Elenergi): Du kan søkja dette kurset på Bergen maritime vgs, eller på Karmsund vgs i Haugesund.