Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skuleskyss

Her er litt informasjon om transport til og frå skulen.

 Buss nr 559 stoppar rett ved skulen.

 Elevar som bur lenger  enn 6 km frå skulen, har rett til skuleskyss etter éin av modellane under. Kvar du bur avgjer om du kjem inn under modell 1 eller 2:

  1. Personleg kort for gratis skuleskyss: Du bur ein stad der det er lite utval i reisemåtar, gjerne eit stykke utanfor sentrum. Kortet gir deg rett til gratis reise til og frå skulen.
  2. 30-dagars ungdomsbillett (tidl. "Ungdomskort"): Du som bur ein stad der det er eit godt kommunikasjonstilbod, skal ha 30-dagars ungdomsbillett for å reisa til og frå skulen. Dette kostar 350 kr i månaden, men til gjengjeld kan du reisa med "alt" av offentlege transportmiddel i fylket vårt, så ofte du vil.

Snakk med dei på kontoret på skulen om du treng 30-dagarsbillett, og om korleis det fungerer. Nokre elvar kan ha rett til drosje for å komma seg til næraste busstopp. Snakk med kontoret om dette også!

Meir om skuleskyss Meir om ungdomsbillett