Skulehelsetenesta
Øyvind Marsteen, psykiatrisk sjukepleiar
Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Øyvind Marsteen, psykiatrisk sjukepleiar
Du kan snakka med skulehelsetenesta om alt som har med helse og trivsel å gjera. Ofte har me samtalar om sjølvbilde og sjølvtillit, om trening og matvaner, om vennskap og konfliktar, om foreldre og skilsmisse, sjukdom i familien, mobbing, pubertet, seksualitet og seksuell identitet, prevensjon, seksuelt overførbare infeksjonar, psykiske plager eller rusmiddel. Dersom du lurer på om du treng å gå til lege eller psykolog, kan det vera lurt å snakka med skulehelsetenesta først .
Helsestasjon for ungdom (HFU)
HFU er eit gratis helsetilbud for ungdom < 25 år. Me held til på Bremnes helsestasjon og har opent kvar onsdag kl 16.00 – 18.00 (stengd i skuleferiar). Her er det alltid kort ventetid, du treng ikkje avtale. På HFU kan du ta opp alle slags helsespørsmål. Det er oftast både helsesjukepleiar, jordmor og lege til stades. Me tilbyr samtale, rådgjeving og behandling av plager. Her kan du få langtidsverkande prevensjon gratis. Testing og behandling av dei vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonane er òg gratis.
Alle som jobber i skulehelsetenesta og HFU har teieplikt.
Helsing Øyvind Marsteen, psykiatrisk sjukepleiar
Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.
Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?
Dette og meir kan du snakke med Sigrid eller Venke om. Dei passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Dei har teieplikt!
Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn dei også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).