Kvar finn du oss?
Rubbestadneset er ein tettstad på nordaust-sida av øya Bømlo i Sunnhordland. Bømlo er ein stor kommune med over 11.000 innbyggjarar. Rubbestadneset er eit viktig knutepunkt i Bømlo, og har terminal for hurtigbåt, og bussavgangar til resten av kommunen, og Stord. Trekantsambandet knyter Bømlo til E39, og det er m.a. lett å komma seg til ekspressbussane til Bergen, Haugesund og Stavanger.
Kart SkuleskyssKontoret
Kontoret har ope alle skuledagar kl 08-15. Monica og Svanhild hjelper deg gjerne om du lurer på noko. Ta kontakt!
53 42 55 00 post.ruv@hfk.no