Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

Elevar med  ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet same kor mykje foreldra dine tener.  Bur du på internatet eller på hybel, kan du i tillegg ha rett på bortebuarstipend.

Hugs at du må søka om stipend for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Når kan eg søka ?

Du må takka ja til skuleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søka dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått opptak, søkjer du om stipend på lånekassen, eller i vigo.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring.

Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Bur du på internatet?

Du kan ha rett til bortebuarstipend om du må bu på hybel eller på internatet. Det må då vera meir enn 4 mil frå heimen din til skulen og/eller tre timar reise tur-retur.

 Dette stipendet kjem i tillegg til andre stipend du har rett på. Du kan snakke med Berit og Svanhild på kontoret om dette, eller lese meir om det på lanekassen.no.

Bortebuarstipend

 

Korleis får eg pengane?

Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga til mobilen din eller i brev heim. Ingen får utbetalt pengar før skulen har meldt frå til lånekassen at eleven har teke til ved skulen.

Lånekassen