Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vellykka Utdanningsmesse

Messekonk.jpg

For 29. gang arrangerte Stord Rotary Utdanningsmessa på Leirvik, i Stord idrettspark på Vikahaugane. Messa går over to dagar, og fleire tusen ungdommar frå ungdoms- og vidaregåande skular i heile Sunnhordland deltek. Rubbestadnes vidaregåande skule markerte seg godt, med sterkt utvida utstilling og med fleire elevar som vertskap. Biletet over viser ungdomsskuleelevar som deltek i konkurransen til Elektroavdelinga vår.

Investeringar i nytt marknadsføringsmateriell resulterte i ein fin stand, med god plass til aktivitetar. Elevane som "bemanna" utstillinga, gjorde ein formidabel jobb begge dagane!

Utdanningsmessa er viktig i marknadsføringa av dei ulike utdanningstilboda i regionen vår.  Søknadsfristen 1. mars nærmar seg raskt, og det er viktig å gjera kloke val for utdanningsløpet - hugs at rådgivarane på skulen kan gi god rettleiing! Rubbestadnes vgs sine eigne elevar besøkte messa torsdag 24. januar, og deira tilbakemeldingar frå besøket er positive.