Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Program for Open skule 8. februar

Sveis.JPG
Frå sveiseverkstaden under Open skule i 2017

20 bedrifter stiller med informasjon på stands! Klikk deg vidare til det omfattande programmet for dagen!

Her er eit kort overblikk over aktivitetane på denne tettpakka skuledagen.

Open skuledag er organisert i to hovuddeler:

1. mest for elevar og tilsette. Programmet er mest innretta mot eigne elevar og gjestande ungdomsskuleelevar. Andre er også også velkomne innom!
2. open skule for alle

1. Mest for elevar og tilsette
1000: standane til bedriftene opnar.
1000-1145: elevar frå Bremnes ungdomsskule får orientering og besøker standane.
1130-1315: elevar frå Moster og Hilletveit skular, og Bømlo vaksenopplæring for orientering og besøker standane.
1315: standane stenger.
1315-1345: elevane i Vg1-klassane, tilsette og gjester frå bedrifter etc et middag i lag i Kantina.
1400-1445: elevane i Vg2-og -3-klassane et middag i lag med tilsette i Kantina
1445: standane opnar att.
1400-1445: bedriftene informerer Vg1-elevane i rom C-103. Elevane får utdelt Quiz og går til standane for å finna svar kl. 1445.
1500-1600: bedriftene informerer Vg2- og -3-elevane i rom C-103. Elevane får utdelt Quiz og går til standane for å finna svar kl. 1600.
1600-1630: pause. Klargjering for besøk i C-103. Standane er opne.
2. Open skule for alle
1630-1730: på rom C-103: velkommen ved rektor. Gjestar får informasjon frå bedriftene. Elevane er no og besøker standar og medelevar sine klasselokale.
1730-1930: omvising på skulen for gjestene. Elevane er i verkstadene sine, og bedriftene har standane opne.