Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Open skule 8. februar

Opensk.JPG
Ungdomsskuleelevar besøker Servogear AS i 2017

Lurer du på kva som skjer i den store utbygginga på Rubbestadneset? Over 20 verksemder kjem til vår eiga "Yrkesmesse" kvart år. Open skule har vorte ein tradisjon og ein institusjon. Her er møteplass for lokalt (og regionalt!) næringsliv, elevar, føresette, og "bygda" elles.

Folk frå dei større bedriftene, som LOS, Unitech og Eidesvik held innlegg til både elevar (om dagen) og "vaksne" (om kvelden).

Skulen er "i drift" frå 0800 om morgonen, til 1930 om kvelden. Nytt høvet til å få innblikk i kva vi driv med, og oppdater deg på kva næringslivet rundt oss tenker om framtida!