Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Nytt skuleår!

_MWF4397.jpg

Nytt skuleår tek til måndag 16. august! Oppmøte for nye og "gamle" elevar i Rubbhallen kl. 1200. MERK: dette kan verta endra, viss situasjonen med Covid 19 tilseier det. I veke 31 sender vi ut informasjonsbrev til elevar og føresette. I dette brevet tek vi med endringar på oppmøte og tider, viss naudsynt. Føl med i media, og elles vil vi sjølve informera  her på sida. Nyhende vil også komma på Facebook-sida vår (sjå lenke lenger oppe på sida)!

Til hausten startar vi med 11 klassar, det same som i innevarande år. Kontakt skulen om du lurer på noko, men ver klar over at skulen sitt sentralbord er stengt frå 5. juli til 2. august. I tilfelle noko ikkje kan venta, kan du nå rektor Rune Gåsland på 90808053.

Vi viser elles til Vestland fylkeskommune sine nettsider. Her finn du mykje informasjon under lenka Utdanning og karriere/elev. T.d. finn du informasjon om Elev-PC her, og mange andre "godbitar".

Du finn også ein "chatbot" på denne sida, som kan gi svar på enkle spørsmål.

Velkommen i august!