Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Nytt skuleår tek til 16. august

Vi ønskjer nye og "gamle" elevar velkomne til nytt skuleår - vi gler oss til å komma i gang! Frammøte 16. august kl. 1200 i Rubbhallen. Her er litt praktisk informasjon:

Kontoret på skulen er stengt mellom 10. juli og 7. august. Dersom du har særleg viktige spørsmål, kan du nå rektor på tlf. 90 80 80 53 i denne tida.
Nytt tida fram til 10. juli til å levera eventuelle lærebøker "som dukkar opp"! I august tek prosessen med å senda ut rekningar til.
Vi sender som vanleg ut informasjon til elevane og heimane 7. august. Nytt i år er at kontrakt om lån av lærebøker og andre læremiddel skal signerast digitalt ved skulestart. Ein nyttar MinID for å logga inn i den digitale kontrakten.
Vi har ledige plassar i skulen sitt internat - ta kontakt med kontoret på skulen; tlf. 53 42 55 00.
Vi ønskjer god sommar til alle!